Frimann Clasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frimann Clasen
Fødd7. juli 1894
Død29. mars 1970 (75 år)
OpphavNoreg
Verka somkomikar
BornPaal Clasen

Claus Frimann Dahl Clasen (fødd 7. juli 1894 i Kristiania, død 29. mars 1970 i Oslo) var ein norsk visedikter, underhaldar og moromann i radioen sin barndom. Han var kjend som Lyktemanden.

Av yrke var Clasen assurandør og arbeidde i Storebrand. Seinare stifta han si eiga assuranseforretning.

Kringkastningsselskapet A/S tok til med sendingar frå Telegrafbygningen i Oslo i 1925, vart Lyktemanden første moromann i norsk radio. Han fekk eit faste program på ein halv time ein gong i veka. Frimann Clasen skreiv ei mengde revyviser, helst under pseudonymet Lyktemanden.

Lyktemandens vekerevy heldt fram etter at NRK overtok all kringkasting i 1933. Programmet gjekk heilt til 1940. Det inneheldt monologar, og satiriske og humoristiske viser om aktuelle hendingar.

Frimann Clasen var svært produktiv. Han skreiv om lag 3 000 viser for radio frå 1925 til 1940. I tillegg skreiv han ei stor mengd reklameviser, revyviser og slagertekstar. I 1947 trudde han at den totale produksjon var minst 10 000 viser, vers og høvesdikt.

I dag er han mest kjend som som opphavsmannen til «Lykkeliten», ein song han skal ha skrive då ein av hans eigne søner vart fødd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]