Friomsorga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Friomsorga, før i tida Kriminalomsorg i frihet,[1] ligg i Noreg under Kriminalomsorgsdirektoratet i Justis- og beredskapsdepartementet.

Den viktigaste oppgåva for friomsorga er å administrere og få til ei trygg og føremålstenleg gjennomføring av straffereaksjonar som samfunnsstraff, soning med elektronisk fotlenke og oppfølging av lauslatne på prøve.

I tillegg driv friomsorga med personundersøking etter bestilling frå påtalemakta.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. snl.no
  2. Straff i samfunn www.kriminalomsorgen.no