Frithjof Prydz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frithjof Prydz
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1943
Oslo
Død

8. desember 1992 (49 år)
Oslo

Yrke tennisspelar, skihoppar

Frithjof Prydz (15. juli 19438. desember 1992) var ein norsk skihoppar og tennisspelar frå Oslo. Han vart individuell noregsmeister i skihopping to gongar, og i tennis tre gongar.

Skihopp[endre | endre wikiteksten]

Skihopparen Prydz slo gjennom då han i 1968 i Løklibakken i Ørskog vart nummer fire i noregsmeisterskapen i normal bakke. I NM-renna for 1971 vart han nummer to i normalbakken og tre i den store bakken. Same sesongen tok han sin einaste internasjonale siger då han vann hopprennet i Lahti. I 1972 tok han sin første NM-tittel med gull i storbakken, Ingolf Mork og Bjørn Wirkola kom på dei andre medaljeplassane. I 1973-sesongen delte han gullmedaljen med Lars Grini i normalbakkerennet, medan det vart bronse i storbakken. Prydz tok si siste NM-medalje i 1975, eit sølv i storbakken, bak Odd Grette, men føre den nye NM-kongen Johan Sætre. Prydz tevla for osloklubben Ready.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1970: Nr 6 i Holmenkollen
  • 1971: Siger i Lahti
  • 1972: Nr 8 i Lahti
  • 1972/73: Nr 15 i Oberstdorf
  • 1975: Nr 4 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Tennis[endre | endre wikiteksten]

Prydz fekk med seg 21 NM-titlar i tennis,[1] og spela 15 Davis Cup-kampar (4 sigrar og 11 tap).[2]

  • Utandørs:
    • Menn single: 1968
    • Menn double: 1969, 1973, 1974
    • Mixed double: 1970-1972, 1974, 1976, 1977, 1979
  • Innandørs:
    • Menn single: 1979, 1980
    • Mixed double: 1968, 1976, 1977, 1979, 1980, 1985
  • Ellen Grindvold frå Oslo Tennisklubb var Prydz sin makker i mixed double.

For sine prestasjonar som skihoppar og tennisspelar mottok Frithjof Prydz Egebergs Ærespris i 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • Bokmålswikipedia
Notar
  1. Norges Tennisforbund. «Oversikt over NM vinnere». tennis.no. Arkivert frå originalen 12. mars 2008. Henta 10. juli 2007. 
  2. Davis Cup. «Player search - Frithjof PRYDZ». daviscup.no. Henta 10. juli 2007.