Hopp til innhald

Frithjof Wilborn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frithjof Wilborn

StatsborgarskapNoreg
Fødd12. november 1961 (64 år)
Asker
Yrkefotballspelar, lærar, programleiar, sportsjournalist
Frithjof Wilborn på Commons

Frithjof Wilborn (fødd 12. november 1961) er ein tidlegare programleiar i TV 2 og tidlegare fotballspelar i Sportsklubben Brann og Strømsgodset IF.

Dei ti fyrste åra av livet sitt budde Frithjof Wilborn i Fredrikstad, før faren fekk jobb i Asker og familien flytte dit. Han viste tidleg talent for fotball, og spela for fyrstelaget til Asker allereie som elleveåring. Etter gymnaset tok han eitt år på musikk- og teaterlinja ved Romerike folkehøgskole. Han har elles studert ex.phil., gått eitt år på jusstudiar, og er utdanna lærar med hovudvekt på samfunnsfag og drama.

I 1982 begynte han å spela for Strømsgodset, og spelte 72 kampar for klubben. Han gjekk over til Brann i 1986, og spela om lag 60 kampar for dei fram til han la opp som fotballspelar i 1988.

Etter dette jobba Wilborn sju år som lærar på Lillehammer og fire år som frilansjournalist i Bergensavisen og Gudbrandsdølen. I 1995 fekk han jobb i TV 2-sporten. Sidan har han vore programleiar for seriar som Mestermøtet, Vil du bli millionær?, Farmen, Mine damer og herrer, Skaperen og Jeg gjør hva som helst. I løpet av karrieren sin kåra VG-lesarane Wilborn til den kjekkaste mannen i Noreg. Han var òg programleiar for 10-årsjubileet til TV 2 saman med Nadia Hasnaoui i 2002, og i 2005 leidde han showet i Oslo Spektrum som markerte at det var 100 år sidan Haakon VII kom til landet.

Wilborn hadde ein lang konflikt gåande med TV 2. Etter 11 og eit halvt år i kanalen slutta han den 31. januar 2008. I april 2009 tiltredde han som dagleg leiar i Os Fotball, og hausten 2009 vart han programleiar på ny, denne gongen for TV Norge med serien Hvem kan slå Ylvis?. Kvart år leier han òg NM i morellsteinspyttingMorellfestivalenLofthus i Hardanger.

TV-program Frithjof Wilborn har leidd

[endre | endre wikiteksten]