Frits Zernike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederik Zernike
Zernike.jpg
Frits Zernike (1888-1966)
Fødd16. juli 1888
Amsterdam i Nederland
Død10. mars 1966 (77 år)
Amersfoort i Nederland
NasjonalitetNederlandsk
OmrådeFysikkfysikk
YrkeFysikar
InstitusjonarUniversitetet i Groningen
Alma materUniversitetet i Amsterdam
Kjend forOrnstein–Zernike-ligning
Zernike-polynomer
Fasekontrastmikroskopi
UtmerkingarRumfordmedaljen (1952)
Nobelprisen i fysikk (1953)
MedlemRoyal Society
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Frederik (Frits) Zernike (16. juli 188810. mars 1966) var ein nederlandsk fysikar.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1953 for utviklinga og oppdaginga av fasekontrast, ein optisk teknikk som gjer det mogeleg å studere særs fine strukturar i levande celler gjennom mikroskop. Zernike gjorde oppdaginga i 1930, men først i 1941 vart fasekontrastmikroskopet sett i produksjon i Tyskland. Teknikken har hatt og har framleis stor tyding innan medisinsk forsking, og vert òg nytta mellom anna til rutineundersøkingar av bakteriar, protozoar og vev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]