Frits von der Lippe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frits von der Lippe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juni 1901
Ullensvang kommune
Død

1. september 1988 (87 år)
Noreg

Yrke journalist, teatersjef
Språk norsk
Far Jakob von der Lippe
Mor Hanna Castberg von der Lippe

Frits von der Lippe (1. juni 19015. september 1988)var ein norsk teatersjef, teaterkritikar, forlagsarbeidar og journalist. Han er kjend som leiar for Riksteatret, som han bygde opp frå grunnen i perioden 1949–68.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lippe vart fødd i Bergen, men voks opp i Oslo. Etter eksamen artium jobba han eitt år som huslærar før han tok til å jobba som journalist for avisa Tidens Tegn 1920-21. I åra 1923-41 var han fast teatermeldar i avisa Morgenposten. Dei to siste åra i Morgenposten var han òg Oslo-korrespondent for den danske avisa Politiken, og han var fast kåsør for NRK sitt radioprogram Sett og hørt frå 1928 til 1931.

Frå 1930 til 1942 jobba han som forlagssekretær for Gyldendal. I krigsåra slutta han i jobben, men tok til att i same stillinga i 1945. I 1946 vart han forfremja til sjefssekretær. Han beheldt stillinga fram til 1949.

Teatersjef[endre | endre wikiteksten]

Etter at han slutta i Gyldendal, søkte von der Lippe på stillinga som teatersjef i det nye statsfinansierte Riksteateret som Stortinget hadde vedteke oppretta, og vart tilsett av ein einstemmig komité. Opphavleg var stillinga meint som ei femårsstilling, men von der Lippe vart sitjande til han nådde pensjonsalderen i 1968. Under den inspirerande leiinga hans utvida teateret seg stadig på alle område.

Ved å gjera Riksteatret til eit teater for heile landet, realiserte von der Lippe ein av draumane sine; å bringa kunsten i teateret ut til folket. Han syrgde for at Riksteatret framførte eit vekslande repertoar med brei appell. Teateret vart etter kvart landsomfattande, talet på turnéar og premierar auka, og han bygde opp eit nettverk av teaterkontaktar. I sjefsperioden hans fekk Riksteateret ein sentral plass i norsk kulturliv. Ved tiårsjubiléet til Riksteateret i 1959 gav von der Lippe ut boka Rundt land og strand som handla om dei fyrste ti åra til teateret.

Då han gjekk av som teatersjef i 1968 vart han same året den fyrste som fekk Norsk kulturråds ærespris tildelt.[2]

Frits von der Lippe døydde i Oslo i 1988. Han var farfar til skodespelaren Anneke von der Lippe.[3]

Andre verv[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Rundt land og strand. Ved Riksteaterets første milepæl – sakprosa (1959)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]