Fritering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frityrsteiking)
Frityrkoking av banan.
Den britiske matretten fish and chips er sett saman av frityrkokt fisk vend i røre og frityrkokt potet (chips).

Fritering eller frityrsteiking/-koking er ein metode for å tilreia mat. I denne metoden steiker ein maten i varmt feitt. Det kan brukast feitt av animalsk opphav eller ein kan bruka planteoljer. Frityrfeittet skal ha ein temperatur som ligg mellom 160 og 180 grader.

Frityrkoking er ei form for frityrsteking der råvaren er fullt dekt av olje, som f.eks under koking/steking av smultringar.

Frityrsteking eignar seg godt til dei aller fleste matråvarer, men nokre av dei må blansjerast før dei blir frityrsteikte. Ofte kan matvarene vendast i ei røre eller anna dekke som dannar ei velsmakande skorpe under friteringa.

Det er viktig at temperaturen ikkje er for låg når ein matvare skal frityrsteikast; då vil tilreiinga ta lang tid, og produktet vil ta til seg mykje feitt. Dersom temperaturen er for høg, vil maten lett brennast utanpå medan han framleis er rå inni.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fritering