Fritz H. Frølich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fritz Heinrich Frølich (23. juli 18073. juni 1877) var ein dansk-norsk forretningsmann og næringsdrivar, fødd på Hirschholm i dagens Hørsholm kommuneSjælland i Danmark.

Frølich var 16 år gammal då han kom til Christiania, der han var tilsett hos bankieren Nicolay August Andresen. I 1835 tok han handelsborgarskap i byen, og slo seg mykje opp. «Han var både dugande og modig, og hadde elles lykka med seg, så han fekk mykje å seia for økon. framgang i byen». Frølich var aktiv på mange felt, så mange at huset hans på folkemunne gjekk under Noas ark. Mellom anna laga verksemdene hans tapet og dei produserte fiskeguano. I 1844 byrja firmaet hans å lage fyrstikker med tolekniv, sjølve opptaket til norsk fyrstikkindustri, ein industri Frølich-ætlingar kontrollerte i over 100 år. Same året, 1844, grunnla han Christiania Bank og Kreditkasse. Han styrte banken, den «fyrste tidhøvelege forretningsbanken i Noreg», livet ut. Frølich var elles ein pådrivar for vegbygging og i mange år formann i 'Handelens venner'. Han var medlem i bystyret frå 1849 til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953