Fritz Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fritz Moen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. desember 1941
Sarpsborg kommune
Død

28. mars 2005 (63 år)
Oslo

Yrke selger
Språk norsk
Straff bot, bot, fengselsstraff, fengselsstraff, sikring
Fritz Moen på Commons

Fritz Yngvar Moen (17. desember 194128. mars 2005), fødd i Sarpsborg og avliden i Oslo, er kjend for å ha vorte dømd av norsk domstol for to drap som han skulle ha gjort i 1970-åra, men som han seinare vart frikjend for etter at saka vart teke opp på nytt. Etter at ein annan hadde vedgått å ha gjort drapa, er det ikkje tvil om at Moen vart uskuldig dømd. Til saman vart Moen dømd til 21 år i fengsel og inntil 10 år med sikring (dåtidas regler for det som no heiter forvaring) for dei to drapa. Han sat 18 år og 6 månader i fengsel, og måtte dessutan stette sikringsvilkåra resten av levetida. Saka har gått inn i rettssoga under nemninga Moensaka, og vert halde fram som eit særs alvorleg døme på såkalla justismord.

Moen var fødd døv, og var særs dårleg til å uttrykkje seg forståeleg, men vart rekna for å ha normal intelligens og evne til å hugse godt. Han var lam i høgre armen og sterkt skada i ansiktet etter ei ulukke med moped i 1966. Våren 1978 vart han dømd for å ha teke livet av Torunn Finstad, og hausten 1981 for å ha drepe Sigrid Heggheim. Då den siste domen vart sagt, uttalte forsvarsadvokaten hans, Olav Hestenes, i rettssalen: «For første gang i skranken tillater jeg meg å si at det er begått justismord

Etter at privatetterforskar Tore Sandberg hadde engasjert seg sterkt i saka på slutten av 1990-talet, vart saka teke opp att, og Moen vart frikjend for det eine drapet i 2004, og for det andre i 2006. I desember 2005 hadde ein 67 år gamal mann vedgått på dødsleiet å ha gjort båe drapa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fritz Moen