Fritz Wedel Jarlsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fritz Wedel Jarlsberg
Fritz Wedel Jarlsberg.jpg
Fødd 7. juli 1855
Christiania
Død

27. juli 1942
Lisboa

Yrke diplomat, jurist, advokat
Fritz Wedel Jarlsberg på Commons

Fredrik «Fritz» Hartvig Herman Wedel Jarlsberg (fødd 7. juli 1855 i Kristiania, død 27. juli 1942 i Lisboa) var ein norsk jurist og diplomat. Wedel Jarlsberg gjorde karrière i det norsk-svenske diplomatiet og spelte ei sentral rolle under unionsoppløysinga i 1905. Han har vorte vurdert som ein av Noregs viktigaste diplomatar i fyrste tredel av 1900-talet, og vart tilboden stillinga som utanriksminister tre gonger, og var også tiltenkt stillinga ved to andre høve.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fritz Wedel Jarlsberg var døypt Fredrik, men vart kalla Fritz, og brukte dessutan slekta sin barontittel, trass i at adelstitlar vart avskaffa i Noreg før han vart fødd. Han var son av hoffmarskalk Frederik (Fritz) Joachim Wedel Jarlsberg og Juliane Cathrine Wilhelmine Wedel Jarlsberg. Han vart gift fyrste gong i 1883 med Alice Thekla Louise von Wagner (1861–1913) og andre gong i 1916 med baronesse Mary von André, f. Palmer (1859–1941).

Han tok juridisk embetseksamen i 1879 og hadde ei lang karriere i utanrikstenesta. Han var sekretær i Utanriksdepartementet i Stockholm 1882, konstituert legasjonssekretær i Wien 1885, året etter i London der han i 1889 vart konstituert chargé d'affaires. Deretter var han sendemann (ambassadør) i Madrid 1891, Lisboa frå 1902 og København i 1905. Frå 1906 var han sendemann i Madrid og Lisboa (til 1921) og Paris (til 1930).

I 1929 selde Wedel Jarlsberg eigedomen Skaugum til kronprins Olav for kr. 120 000. Det var lenge trudd at Skaugum var ei bryllaupsgåve til kronprinsparet, men i 2009 vart det avdekt at Kong Haakon måtte betale for overdraginga. Taksten var på kr. 550 000.[1]. Det vil seie at kongen fekk kjøpt eigedomen for ca en 1/4 av det den var verd, og at 3/4 av verdien var ei gåve.

Unionsoppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Etter 7. juni-vedtaket i 1905 stilte Wedel Jarlsberg seg til disposisjon for regjeringa Michelsen og fungerte som regjeringa si utsending i København.

Under Karlstadforhandlingene arbeidde han for at stormaktene skulle vere klare til å gripe inn dersom det skulle kome til brot i forhandlingane. Seinare var han Noreg sin forhandlingsleiar i København i samband med valet av prins Carl til Noregs konge.

For innsatsen hadde Wedel Jarlsberg vorte lova posten som utanriksminister, men Løvland heldt fram i stillingen.[2]

Svalbardtraktaten[endre | endre wikiteksten]

Wedel Jarlsberg var forhandlingsleiar i Paris ved utarbeidinga av Svalbardtraktaten (Paristraktaten) av 1920 som gav Noreg suverenitet over Svalbard.[3]

Wedel Jarlsberg Land på Svalbard er oppkalla etter han.[4]

Mount Wedel-Jarlsberg i Antarktis er kalla opp etter den første kona hans, Alice.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Wedel Jarlsberg vart i 1892 utnemnt til riddar av St. Olavs Orden, forfremja til kommandør av 1. klasse i 1896 og i 1904 mottok han storkors, i 1925 utvida til storkors med kjede. Han var innehavar av Kroningsmedaljen 1906 og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–1930.

Han var også innehavar av ei rekke utanlandske ordenar:

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1932 – Reisen gjennem livet
  • 1946 – 1905 : Kongevalget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Amundsen, O. Delphin: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847–1947. Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947.
  • Andersen, Gordon: «Vår glemte kongemaker i 1905». I: Aftenposten, 21. mai 2005. (Les)
  • Andersen, Roy: «Wedel Jarlsberg ble gjort til syndebukk». I: Aftenposten, 7. juni 2005. (Les)
  • Berntzen, Arve B.: «Wedel Jarlsberg fortjener oppreisning». I: Aftenposten, 10. juni 2005. (Les)
  • Bomann-Larsen, Tor: «Kongeplanen som kollapset». I: Aftenposten, 6. juni 2005. (Les)
  • Bratberg, Terje: «Fritz Wedel Jarlsberg». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utgave, 2002. (Les)
  • Brekke, Jørgen: «Jakten på blått blod». I: Levende Historie, nr. 6 2009, s. 14–23.
  • Hagen, Per Erik: «Måtte betale for Skaugum». I: Budstikka, 29. april 2009. (Les)
  • Kielland, T.: «Minister Wedel Jarlsberg». I: Samtiden, 1942.