Frode Aga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Frode Aga (1977-).
Frode Aga
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1955 (68 år)
Ålvik
Yrke kokk

Frode Aga (fødd 11. september 1955 Ålvik i Hardanger) er ein norsk kokk. Aga driv til dagleg Restaurant HallingstueneGeilo i lag med kona si.[1]

Aga byrja karrieren sin på Maurset HotelHardangervidda i tenåra. Her jobba han som gardsgut og kjøkenhjelp i skuleferiane, og vart så fascinert av kokkeyrket at han heldt fram med det i tida som fylgde.

Etter endt kokkeutdaning har han mellom anna vore kokk og kjøkensjef på Engebret kafé i Oslo og Sunnfjord Hotel i Førde. I 1988 starta han drifta av Restaurant Hallingstuene på Geilo, som han og kona har drive sidan.

Aga har delteke i fleire TV-program om mat, mellom anna Fra loft til kjeller og KokkekampNRK. I tillegg har han i fleire år vore fast gjest på MorellfestivalenLofthus i juli. Aga er også kjend som ein stor humorist.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 2000 – Frode Agas gjestemat ( Cappelen)  [Med Berit Aga og Fritz Knott (foto)]
  • 2005 – Fra loft og kjeller ( Damm)  [Med Kjell Fuglehaug og Stine Woxman]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnar Jerman (1998). 35 kjøkkensjefer. Index publ.