Frode Berg-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Frode Berg-saka var ei spionasjesak i Russland der norske Frode Berg blei sikta og dømd for spionasjeverksemd. Han er den fyrste nordmannen som er sikta for spionasje i Russland.[1] Han vart sleppt fri i november 2019.

Saka byrja med at den pensjonerte grenseinspektøren i Kirkenes, Frode Berg, vart pågripen og fengsla i Moskva for to månader den 6. desember 2017, skulda for brot på paragraf 276 i den russiske straffelova. Paragrafen handlar om spionasje, og skuldinga gjekk ut på kontakt med ein russar, Aleksej Zjitnjuk, som skulle overlevere løynde dokument med informasjon om den russiske marinen.

Berg vart dømd til 14 år i fengsel i april 2019.[2] Han vart sett i Lefortovo-fengselet i Moskva.[3]

Etter forhandlingar om ei fangeutveksling blei Frode Berg benåda 11. november 2019. Berg og to litauiske statsborgarar, Jevgenij Matjatitsj og Arstid Tamosjait, blei overleverte til Litauen den 15. november 2019. Fleire kjelder melde at Berg og dei to litauarane blei utveksla mot to spiondømde russarar, Nikolaj Filiptsjenko og Sergej Moisejenko, som var blitt dømde til 10 års fengsel i Litauen for spionasje for Russland i 2017 og 2016.[4][5]

Overleveringa av Berg fann stad på grensa mellom Litauen og Russland.[6] Frode Berg var tilbake i Noreg den 16. november 2019.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Urix 2. april – Rettssak mot Frode Ber. NRK. 2. april 2019. 
  2. Jentoft, Morten (8. juni 2019), «Dommen mot Frode Berg», NRK (på bokmål), henta 9. juni 2019 
  3. «– Russisk UD kjenner ikke til at Frode Berg kommer raskt tilbake til Norge». NRK. Henta 29. august 2019. 
  4. AS, TV 2, «Slik utveksler Russland spioner med NATO-land», TV 2 (på bokmål), henta 8. desember 2019 
  5. Per Anders Johansen Helene Skjeggestad, «Den russiske storspionen ville skjule mikrofoner i presidentens hjem. Nå kan han sørge for at Frode Berg blir en fri mann.», Aftenposten, henta 8. desember 2019 
  6. Kråkenes, Christian (15. november 2019). «Frode Berg er ute av Russland». NRK Finnmark. Henta 15. november 2019. 
  7. Frode Berg er tilbake i Norge - Aftenposten 17. november 2019