Frode Elsness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frode Elsness

Frode Elsness NM Hamar 2007.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1973
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Frode Elsness (fødd 15. juni 1973) er ein norsk sjakkspelar. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2008. Frode Elsness blei utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 2001.

I Noregsmeisterskapen i sjakk i Tønsberg 5-13. juli 2008 delte Frode Elsness førsteplassen med Jon Ludvig Hammer, begge med 6,5 poeng på 9 rundar.[1][2] . Det var dermed nødvendig med omkamp om NM-tittelen. I omkampen i Moss 26-27. september 2008 vann Frode Elsness det første partiet, og stod best i det andre då Hammer baud remis, noko Elsness naturlegvis tok i mot. Dermed kunne Frode Elsness motta kongepokalen[3].

Frode Elsness deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1996, 2000 og 2004[4].

I 2007 vann Elsness det opne NM i hurtigsjakk.

Frode Elsness har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første kom i seriesjakken sesongen 2009-2010, med 7 poeng på 9 parti. Det andre kom i Oslo Chess International i oktober 2011, med 6 av 9 mot sterk motstand.[5] Han har allereie klart kravet om eigen rating på over 2500, med 2506 pr. 1. november 2011, og manglar "berre" det tredje avgjerande stormeister-resultatet for å bli stormeister.

Frode Elsness er no medlem av Schakklubben av 1911. Frode Elsness er lege av utdanning, og arbeider som allmennlege.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Sjakkblad nr. 4, 2008, s. 10-13
  2. Resultat NM i sjakk 2008
  3. Norsk Sjakkblad nr. 5, 2008, s. 10-11
  4. Olimpbase side for Frode Elsness
  5. Frode Elsness sine stormeisternapp hos FIDE