Frode Grodås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frode Grodås i 2008

Frode Grodås, (fødd 24. oktober 1964) i Hornindal, er ein norsk, tidlegare fotballspelar og noverande trenar. Han er sidan 2010 målvaktstrenar for det norske herrelandslaget i fotball. Grodås var målvakt på topplan i 23 år, mellom anna var han norsk landslagskaptein under VM i 1998.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Grodås spelte i 1981-sesongen for femtedivisjonslaget Hornindal Idrettslag i heimbygda. Året etter debuterte han i den norske toppserien som 17-åring for Sogndal.

Sidan spelte Grodås for Lillestrøm Sportsklubb, der han var med å vinne seriemeisterskpen i 1989. Frå 1996 spela han for klubbar i England, Tyskland og Spania. I 1997 opplevde han høgdepunktet i si tid som klubbspelar; han stod i mål for Chelsea då laget vann FA-cupen. Tida 1998-2002 var han reservekeeper i høvesvis Tottenham og Schalke 04. Schalke 04 hyra han inn for å erstatte Jens Lehmann, men han vart etter nokre månader leigd ut til den spanske klubben Racing Santander. Han avslutta si tid som spelar i førstedivisjonsklubben Hønefoss åra 2002 og 2003.

Grodås spelte 50 landskampar for Noreg. Han debuterte i 1991, og spelte sin siste landskamp i 2002 mot Danmark i ein kamp som enda 2–2. Høgdepunktet som landslagsmålvakt kom då Noreg sigra over Brasil i verdsmeisterskapen 1998 med siffera 2-1. Større delar av si tid i landslagstroppen tevla han med Erik Thorstvedt om målvaktsplassen, såleis vart han sitjande på benken i mange landskampar.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Grodås var i 2006-sesongen hovudtrenar for Hamarkameratene. Sesongen enda med direkte nedrykk frå Tippeligaen, noko som førte til at Grodås slutta som trenar etter sesongslutt.

Etter å ha fungert som målvaktstrenar for Lillestrøm Sportsklubb i perioden 2007 til 2010, er han frå sitsnemnde år målvaktstrenar for det norske herrelandslaget i fotball.

Klubb- og kampoversyn[endre | endre wikiteksten]

Klubb Kampar Mål Periode
Flag of Norway.svg Noreg; Hornindal Idrettslag –1982
Flag of Norway.svg Noreg; Sogndal Fotball 1982–1986
Flag of Norway.svg Noreg; Lillestrøm Sportsklubb 182 1 1986–1996
Flag of England.svg England; Chelsea FC 21 0 1996–1998
Flag of England.svg England; Tottenham Hotspur FC 0 0 1998
Flag of Germany.svg Tyskland; Schalke 04 3 0 1998–2002
Flag of Spain.svg Spania; Racing Santander 6 0 1999
Flag of Norway.svg Noreg; Hønefoss Ballklubb 49 0 2002–2003