Frode Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frode Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1923
Arendal
Død

29. juni 2016 (92 år)

Yrke diplomat

Frode Elmar Thore Nilsen (fødd 12. desember 1923 i Arendal, død 29. juni 2016) var ein norsk diplomat og ambassadør.[1] Han er særleg kjent for sit mangeårige arbeid for menneskerettar og for å bistå politiske flyktningar i Chile.[2]

Han var son av skipsførar Thor Marinius Nilsen (1887–1969) og Elma Maria Pedersen (1891–1925). Med familien flytta han til Tinn i Telemark i 1928 og tok examen artium i 1943 og slutta seg til det lokale MilorgRjukan. Etter cand.mag.-eksamen i 1950 tok han mastergraden i statsvitskap ved University of Kansas. Han returnerte deretter til Oslo og tok Utanriksdepartementets aspirantkurs året etter.

Posteringar[endre | endre wikiteksten]

  • 1952–1954 attaché ved den norske ambassaden i Kairo i Egypt
  • 1957–1959 ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Bonn i Vest-Tyskland
  • 1959–1962 ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Madrid i Spania
  • 1965–1972 ambassaderåd/skipsfartsråd ved den norske ambassaden i Washington i USA
  • 1972–1973 byråsjef i skipsfartskontoret/handelspolitisk avdeling i UD
  • 1973–1975 ambassaderåd ved den norske ambassaden i Santiago i Chile, med ansvar for flyktningespørsmål etter miliærkuppet den 11. september 1973. Det var utanriksminister Knut Frydenlund som 1. november 1973 sende Nilsen til ambassaden i Santiago utstyrt med vide fullmakter som innebar at han skulle ha det avgjerande ordet i flyktningespørsmål ved ambassaden.
  • 1975–1982 ambassadør ved den norske ambassaden i Santiago
  • 1982–1987 ambassadør til dei karibiske landa og regionalrådgjevar for Latin-Amerika, stasjonert i Oslo
  • 1987–1988 ambassadør ved den norske ambassaden i Caracas i Venezuela
  • 1988–1992 ambassadør ved den norske ambassaden i Santiago

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nekrolog i Aftenposten 6. juli 2016
  2. Reginald Norby