Frode Urkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frode Olav Olsen Urkedal)
Frode Urkedal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1993 (30 år)
Oslo
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016, Sjakkolympiaden 2018

Frode Urkedal under NM i sjakk på Hamar 2007

Frode Olav Olsen Urkedal (fødd 14. mai 1993) er ein norsk sjakkspelar frå Oslo, stormeister i sjakk. Han har blitt rekna som eit av dei største talanta i norsk sjakk. Han vart Internasjonal Meister i sjakk i 2011, noregsmeister i sjakk i 2012 og 2014, og så stormeister i 2016. Frode Urkedal spelar for Schakklubben av 1911.

Vann klassane for miniputt, lilleputt, kadett og junior i NM fire påfølgande år[endre | endre wikiteksten]

Han sette i si tid ein nær uslåeleg rekord under Noregsmeisterskapen i sjakk i åra 2003 til 2006: 10 år gamal vann han i 2003 miniputt-klassa, for dei som er 11 år og yngre. Framleis som miniputt vann han året etter lilleputt-klassa, for dei som er 12-13 år. Som første års lilleputt vann han i 2005 kadettklassa, for dei som er 14-16 år. Og framleis som lilleputt, 13 år gammal, vart han i 2006 junior-noregsmeister i sjakk, klassa for dei under 20 år, etter stikkamp 19-21. september 2006.[1] Han kvalifiserte seg med dette også for øvste klasse i NM, Eliteklassa. Han vart dermed også den nest yngste junior-Noregsmeisteren i sjakk gjennom tidene. (Berre Einar Hatlebakk, Molde sjakklubb, var nokre månader yngre då han vann NM for junior i 1960.)

Frode Urkedal har delteke i øvste klasse i NM i åra 2007-2015.

Noregsmeisterskapen i sjakk 2010[endre | endre wikiteksten]

I Noregsmeisterskapen i sjakk som blei arrangert i Fredrikstad i juli 2010, imponerte han med delt førsteplass i Eliteklassa, saman med Kjetil A. Lie, Espen Lie og Joachim Thomassen.[2] I stikkamp mellom desse fire for å kåre vinnaren 14-17. oktober 2010 vart han nr. 3, eit poeng etter vinnaren Kjetil A. Lie.[3]

Internasjonal Meister i sjakk 2011[endre | endre wikiteksten]

Frode Urkedal har gjort sterke resultat i mange internasjonale turneringar. I tre av dei var prestasjonane så gode at dei gav han dei nødvendige tre innteikningane i tittelen Internasjonal Meister i sjakk: I Sveins minneturnering i Oslo i juni 2009, der han tok ein andreplass med 6,5 poeng på 9 rundar, i VM i sjakk for Ungdom i Antalaya i Tyrkia i november 2009, der han tok ein femteplass med 8 poeng på 11 rundar i U-16-klassa, og så i desember 2010-januar 2011 i Rilton Cup i Stockholm, der han blei nummer 15 med 5,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand[4]. Etter som han allereie hadde oppfylt kravet om eigen FIDE-rating på 2400, så vart han utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE på styremøte 5-6. juni 2011.[5]

Noregsmeister i sjakk for 2012 og 2014[endre | endre wikiteksten]

I Noregsmeisterskapen i sjakk i Sandefjord i juli 2012 tok Frode Urkedal 7 poeng på 9 rundar. Det same tok IM Espen Lie.[6] 19-20. oktober 2012 vart det spela stikkamp om kongepokal og noregsmeister-tittel. Frode Urkedal vann det første partiet med kvit, og heldt remis med svart i det andre, og vart dermed noregsmeister.

I Noregsmeisterskapen i sjakk i Trondheim i juli 2014 vart Frode Urkedal på nytt noregsmeister, med 7 poeng av 9 moglege i eliteklassa.[7] Han har dermed to kongepokalar.

Stormeister i sjakk 2016[endre | endre wikiteksten]

Frode Urkedal tok stormeisternapp i Noregsmeisterskapen i sjakk 2012, og i Eliteserien i sjakk sesongen 2013-2014. I ei turnering på Mallorca i februar 2016 tok han 6 poeng på dei 7 første rundane, noko som gav han det avgjerande tredje stormeisternappet allereie to runder før slutt.[8] Då han har vore over kravet om eigen rating på 2500 sidan august 2014, var alle krav til stormeistertittelen oppfylt, og han vart utnemnd til Noregs 13. stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE i slutten av mars 2016.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]