Frode Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frode Olsen
Fødd 12. oktober 1967
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar

Frode Olsen (fødd 12. oktober 1967) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger som vakta det norske målet i 26 landskampar i tida 1995-2003.

Olsen spelte for FK Vidar fram til og med 1989. 1990-sesongen sleit han reservebenken i Rosenborg, året etter var han fyrstevalet mellom stengene i Strømsgodset. Han spelte berre den eine sesongen for drammensklubben, ein sesong som vart avslutta med siger i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Dei fem sesongane 1992-96 stod Olsen i mål for IK Start. Deretter var han Stabæk-spelar i tre år, 1997-99, alle desse åra vart han kåra til Årets målvakt. I sin andre sesong med bærumslaget var han med å vinne NM-finale for andre gong, Stabæk sigra 3-1 over Rosenborg etter ekstraomgangar.

Olsen spelte 2000-02 for spanske Sevilla FC og 2002-04 for Viking Fotballklubb i fødebyen Stavanger.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]