Frode Viken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frode Viken
Frode Viken.JPG
Fødd30. mars 1955
FødestadNamsos
Død31. mars 2018
OpphavNoreg
Aktiv1975–2018
Verka sommusikar, komponist, gitarist
BornDaniel Viken

Frode Magnus Viken (30. mars 195531. mars 2018) var ein musikar og låtskrivar frå Namsos.

Vikar var gitarist i musikkgruppa D.D.E. og skreiv dei fleste melodiane til gruppa og dessutan fleire av tekstane. Han vikarierte i 1975 ein periode som bassist i Prudence. Seinare stifta han musikkgruppa Rollaug saman med Prudence-vokalist Per Erik Wallum. I 1985 vart han med som bassist i After Dark, forløparen til D.D.E. Etter kvart bytta han til gitar, og var som dei andre medlemmane med då After Dark vart til D.D.E. i 1992.

Viken har i tillegg lang erfaring frå drift av mellom anna musikkforretning, lydstudio og nærradio og som gitarlærar ved Namsos Kommunale Musikkskole. Sonen Daniel Viken er kjent som gitarist i Grannes og Nullskattesnylterne.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

D.D.E.[endre | endre wikiteksten]

Rollaug[endre | endre wikiteksten]

Andre deltakingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]