Frogn gamle kyrkje

Koordinatar: 59°41′58″N 10°43′24″E / 59.69944°N 10.72333°E / 59.69944; 10.72333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°41′58″N 10°43′24″E / 59.69944°N 10.72333°E / 59.69944; 10.72333

Frogn gamle kyrkje
Frogn kirke
Mot koret i nedbrende Frogn kyrkje
Foto: Hans Olav Lien
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Follo
Sokn Frogn
Fellesråd Frogn
Type Langkyrkje
Arkitekt Wilhelm von Hanno
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 23. november 1859
 - Endringar 1875, 1879, 1953; brent 1994
Takryttar I vest
Kor Rett avslutta
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Nygotisk, fem fag
Døypefont Kleberstein, frå mellomalderen
Altartavle Carl Buhre (1884) e. Carl Bloch («Christus Consolator»)

Frogn gamle kyrkje var ei langkyrkje i Frogn kommune, i Viken fylke.

Orgelgalleriet i gamlekyrkja
Foto: Hans Olav Lien

Kyrkja vart oppført av byggmeister Andreas Keitel etter teikningar av Wilhelm von Hanno og vigsla i 1859. Det meste av kyrkja var lafta, men vesttårnet var i bindingsverk.

I byrjinga hadde kyrkja ein enkel trekross på altaret, men i 1884 fekk ho ei altartavle med eit bilete måla av Carl Buhre i kopi etter «Christus Consolator» av Carl Bloch.

Denne kyrkja var påtent og brann ned til grunnen 4. juni 1994. Sidan er ei ny kyrkje oppført på grunnmurane etter den nedbrende kyrkja. Døypefonten er reparert etter brannen og teken i bruk i den nye kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]