Hopp til innhald

Frol Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frol Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bygda FrolLevanger kommuneNord-Trøndelag. Idrettslaget reknar stiftinga til året 1888. Laget har vore aktivt med i bordtennisfriidrettlangrenn, orientering og volleyball.

Friidrettsgruppa var den mest framgangsrike før Levanger FIK vart stifta. Edel Leverås og Robert Ekpete vart fleire gongar norske meistrar i høvesvis kast og 110 meter hekk. Frank Fiske vart i 1998 noregsmeister på 400 meter.

Siste tiåra har orienteringsgruppa vore den største i idrettslaget. Noregsmeistrar som Lars Skjeset, mellomdistanse 2011, Jo Indgaard, langdistanse 2013 og Gøril Sund, normaldistanse og mellomdistanse i 2014, samt Paul Sirum, mellomdistanse 2018, representerte alle Frol IL. I 2015 vann Frol-karane Ulf Indgaard, Yngve Skogstad og Jo Indgaard stafetten under norgesmeisterskapen på heimegrunn på Frolfjellet.