Froland verk

Koordinatar: 58°31′07″N 8°36′57″E / 58.51872°N 8.61583°E / 58.51872; 8.61583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°31′07″N 8°36′57″E / 58.51872°N 8.61583°E / 58.51872; 8.61583

Froland verk si hovudbygning.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Froland verk er eit kulturminne i Froland kommune i Aust-Agder. Froland verk var på slutten av 1700-talet eit av dei norske jernverka, m.a. med ein omfattande produksjon av kanonkuler. Verket hadde òg ein omfattande produksjon av jernomnar, og knytte m.a. til seg omnskunstnaren Ole Nielsen Weierholt. I dag det er lite att av sjølve jernverket, men hovudbygninga, gardstunet og kontorbygninga er på plass. Dei fleste bygningane er i dag eigd av Froland kommune, og hovudbygninga vart restaurert i 2008.

Froland verk ligg ved Riksveg 42 12 km frå Arendal.

Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Hovudbygninga vart freda i 1927.

Niels Henrik Abel er knytt til Froland verk fordi han døydde her i 1828 på det såkalla bukkerommet i hovudbygninga. Utanfor hovudbygninga står det ein skulptur med matematikaren som motiv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Froland verk vart grunnlagt på garden Træ i 1763, og jernverksdrifta starta noko seinare. Grunnleggaren var Hans Hagerup som var veigar og målar i Arendal. Under utskiftinga vart bøndene i omlandet pålagt å levere trekol til verket. Bøndene fekk betaling i kontantar eller varer frå verksbutikken.

Etter nokre år vart verket kjøpt av Johan Fredrik Classen som opphavleg kom frå Kongsberg, men hadde viktige foretak i Danmark. Mellom anna åtte han Fredriksverk i Danmark, der han dreiv med framstilling av krut og våpen. Han var busett i Danmark. Classen engasjerte seg i Froland verk for å sikre seg leveransar av jern til sin våpenproduksjon i Danmark. Den totale kjøpesummen låg på 45 000 riksdalar.

Jernet frå verket vart transportert på lekterar til Rore ved Grimstad. På veg tilbake vart det frakta korn til bøndene og arbeidarane. Denne handelen bidrog i stor grad til kjøpstadsutviklinga i Grimstad.

Classens inngifta slektning Hans Smith (gift med Magdalene Marie Classen) overtok drifta og bygde ferdig hovudbygninga i 1791. Smith var sorenskrivar i Råbyggelaget og var òg involvert i Lofthusopprøret (1786 – 87) der bøndene skaka det dansknorske riket i grunnvollane. Hans Smith døydde i 1804, og kona hans med familien budde i hovudhuset fram til 1830-åra.

Etter 1867 vart Froland Verk gjort om til sagbruk og Hans Smiths barnebarn, Hans Roosen Smith (fødd 1810), tok over drifta midt på 1870-talet.

Etter 2. verdskrig vart fleire småeigedomar som hadde høyrt til Froland verk selde til drivarane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]