From Here to Eternity av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
From Here to Eternity
av Iron Maiden
frå albumet Fear of the Dark
B-side

«I Can't See My Feelings»
«Roll Over Vic Vella»
«No Prayer for the Dying (Live)»
«Public Enema Number One (Live)»

Språk engelsk
Utgjeve 29. juni 1992
Innspelt 1992
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:37
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
«Be Quick or Be Dead»
(1992)
From Here to Eternity «Wasting Love»
(1992)


«From Here to Eternity» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeven ut som den andre singelen frå albumet Fear of the Dark frå 1992.[1]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen er den fjerde og nyaste songen i soga om «Charlotte the Harlot» (dei andre songane er «Charlotte the Harlot,» «22 Acacia Avenue» og «Hooks in You», og sistnemnde har blitt diskutert blant fansen sidan han ikkje faktisk nemner «Charlotte», berre «the keys to a view at number 22»). Songen fortel soga om Charlotte som dreg på ein lagnadstung motorsykkeltur med djevelen.

Dette er den først studiosingelen utan Eddie på singelomslaget, og den andre totalt, etter konsertversjonen av «Running Free». I staden vart det nytta eit bilete frå musikkvideoen til songen. Omslaget til den 7" etsa plata er omslaget folk flest knyter til singelen, sjølv om 12"-versjonen har eit heilt anna bilete. CD Maxi-versjonen nytta same omslaget som 7"-versjonen, men eit anna bilete frå videoen vart nytta på omslaget til den nederlandske versjonen.[2]

Singelen kom ut på fleire format: 7" etsa plate med spor på eine sida og eit etsa bilete på de andre,[3] 7" biletplate,[4] 12" med utbrettbart omslag[5] og ein CD-singel.[6]

Singelen nådde 21. plassen på den britiske singellista.

B-side[endre | endre wikiteksten]

«Roll Over Vic Vella» er ein versjon av Chuck Berry-songen «Roll Over Beethoven» med ein talt intro og avslutning av den langvarige scenearbeidaren og venen til Iron Maiden, Vic Vella som snakkar med Steve Harris. «I Can't See My Feelings» er ein versjon av ein song av det walisiske bandet Budgie frå albumet Bandolier frå 1975. Konsertversjonane av «Public Enema No One» og «No Prayer for the Dying» på desse singlane er dei einaste konsertversjonane av desse som er gjevne ut på Iron Maiden-plater.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" etsa vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «From Here to Eternity» (Steve Harris) – 3:37
  2. «Roll Over Vic Vella» (Chuck Berry-song med anna tekst) – 4:46

7" biletvinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «From Here to Eternity» (Harris) – 3:37
  2. «I Can't See My Feelings» (Budgie-song) – 3:50

12" vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «From Here to Eternity» (Harris) – 3:37
  2. «Roll Over Vic Vella» (Chuck Berry-song med anna tekst) – 4:46
  3. «No Prayer for the Dying» (Live på Wembley Arena i London i England, 17. desember 1990) (Harris) – 4:23

CD Maxi singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «From Here to Eternity» (Steve Harris) – 3:37
  2. «Roll Over Vic Vella» (Chuck Berry-song med anna tekst) – 4:47
  3. «Public Enema Number One» (Live på Wembley Arena i London i England, 17. desember 1990) (Bruce Dickinson, Dave Murray) – 3:57
  4. «No Prayer for the Dying» (Live på Wembley Arena i London i England, 17. desember 1990) (Harris) – 4:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992) Plassering
Irish Singles Chart[7] 27
UK Singles Chart[8] 21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «From Here To Eternity». Henta 31. august 2016. 
  2. «Nederland CD Maxi Cover». Henta 31. august 2016. 
  3. «Etched Single Sided 7». Henta 31. august 2016. 
  4. «Biletdisk 7». Henta 31. august 2016. 
  5. «Fold Out Sleeve 12». Henta 31. august 2016. 
  6. «CD Maxi-Single». Henta 31. august 2016. 
  7. «Irish singles archive». IRMA. irishcharts.ie. Henta 14 October 2011. 
  8. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 18 July 1992». Official Charts Company. Henta 31. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]