Fromasj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fromasj

Fromasj er ein dessert laga av halvpiska krem, gelatin, eventuelt eggedosis og ei smakstilsetjing[1] som sjokolade, frukt eller bær. Fromasj har ein lett, delikat og kremaktig konsistens, og kan kvelvast på eit serveringsfat[2].

Henriette Schønberg Erken omtalte fromasj og den nærskylde bavaroisen (som ein lagar med eggekrem i staden for eggedosis) som to forskjellige dessertar,[3] medan amerikanske Julia Child bruker omgrepa om kvarandre.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]