Frosta Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frosta Dampskibsselskap var eit tidlegare reiarlag som vart stifta 29. oktober 1898 på Frosta.

D/S «Frosta» vart bygt ved Trondhjems mek. verksted og byrja å gå i ruta Trondheim-Frosta-Stjørdalen og Åsen i mars 1899. Dei to første kapteinane på skipet var kaptein Grenne og kaptein Ole Wold.

I 1903 utvida selskapet ruta si med Leksvik og Leksvikstranden og kjøpte inn den gamle D/S «Orkla», som vart omdøypt til «Tautra». I 1914 kjøpte selskapet D/S «Lagatun».

Frosta Dampskibsselskap fusjonerte med fleire andre reiarlag i området og stifta Fosen Trafikklag i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]