Frostnavar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her he' du navar, og her he' du kubbe
og vil du 'kje bore, så kan du berre daue

Regle frå Romsdal

Frostnavar er ein reiskap som har vorte brukt, særleg av fiskarar, vinterstid for å halde varmen. Under fiske i open båt, der det vart mykje venting, kunne det verte svært kaldt. Det kunne vere under drivgarnsfiske etter sild, og under seglas.

Frostnavaren var ein stor, sløv navar. Med han vart det bora i ein rå, hard trekubbe. Dette arbeidet vart utført berre for at den som gjorde det skulle verte varm i kroppen. I staden for navar kunne det arbeidast med ei sløv sag, ei frostsag.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Asbjørn Klepp:Nordlandsbåter,-og båter fra Trøndelag. Grøndahl & søn A.S. Oslo 1983
  • Ivar Aasen:Norsk Ordbok. Femte utgåve. Fonna Forlag 1977
  • Bjarne Rabben: Folk ved havet III. Sunnmøre Fiskarlag. Romsdal Fiskarlag 1983