Frozen II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frozen 2)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frozen II
Norsk tittel: Frost II
Frozen 2 Logo.png
OpphavslandUSA
Språkengelsk
Sjangerfamiliefilm, fantasyfilm, eventyrfilm, dramafilm, filmmusikal
RegiChris Buck
Jennifer Lee
ProdusentJennifer Lee Edit this on Wikidata
ManusJennifer Lee, Allison Schroeder Edit this on Wikidata
MusikkKristen Anderson-Lopez Edit this on Wikidata
FilmselskapWalt Disney Pictures
Utgjevingsår2019
Lengd103 min.
Inntening1 119 151 068 US-dollar, 399 249 034 US-dollar Edit this on Wikidata

Frozen II (norsk tittel: Frost II) er ein amerikansk dataanimert fantasy-filmmusikal, produsert av Walt Disney Animation Studios og distribuert av Walt Disney Pictures. Han er ein oppfølgjar til 2013-filmen Frozen og er regissert av Chris Buck og Jennifer Lee.

Filmen vart vist fram første gong 7. november 2019 og hadde verdslansering 22. november same månad. I Noreg og dei andre skandinaviske landa hadde filmen premiere 25. desember. Filmen hentar ein del inspirasjon frå samisk kultur og kom i Noreg ut i både ei norsk- og ei samiskspråkleg utgåve.[1]

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Roller Engelske stemmer[2] Norske stemmer[3] Samiske stemmer[4]
Anna Kristen Bell May Synnøve Kaspersen Elin Kristina Oskal
Elsa Idina Menzel Lisa Stokke Marianne Pentha
Kristoffer Jonathan Groff Thorbjørn Harr Vegard Bjørsmo
Olaf Josh Gad Gustav Nilsen Anders Rimpi
Iduna Evan Rachel Wood Christine Hals[5] Eva Jeanette Iversen
Stemma Aurora Aksnes

Handling[endre | endre wikiteksten]

Kong Runeard, grunnleggjaren og første konge av Arendell, opprettar ein traktat med tundrafolket for å byggje ein demning i heimlandet deira, den forheksa skogen. Likevel bryt ein strid laus og gjer vetta i skogen, som representerer elementa jord, eld, luft og vatn, rasande. Vetta blir borte og ein vegg av tåke legg seg over skogen. Son av Runeard, prins Agnarr, slepp så vidt unna med livet med hjelp frå ein ukjend redningsmann.

Tre år etter kroninga si, feirar dronning Elsa av Arendell haust i kongeriket saman med den yngre syster si, prinsesse Anna, snømannen Olaf, isskjeraren Kristoffer og reinsdyret hans, Svein. Når Elsa høyrer ei mystisk stemme kalle på henne, følgjer ho etter lyden og vekker utilsikta elementvetta, som tvingar alle i kongeriket til å evakuere. Trollhøvdingen Pabel og trollstammen blir merksame på situasjonen, og kjem til Arendell for å informere om at dei må bøte på tilstanden ved å finne sanninga om fortida til kongeriket.

Elsa, Anna, Olaf, Kristoffer og Svein følgjer den mystiske stemma og reiser til den forheksa skogen. Vindvettet, i form av ein tornado, dukkar opp og sugar følgjet inn i seg. Elsa stoppar det ved å fyra av straumar av snø, som skapar ein hop av isskulpturar. Systrene oppdagar at skulpturane er bilete frå fortida til faren deira og at Iduna, mora deira, var ei av tundrafolket som berga Agnarr. Dei møter tundrafolket og ein tropp arendellske soldatar som framleis er i konflikt med kvarandre. Eldvettet dukkar opp i form av ein opphissa salamander som Elsa roar ned. Elsa og Anna skipar ein våpenkvile mellom soldatane og tundrafolket, ved å forklare at mora deira var av tundrafolket og faren deira arendellsk. Elsa finn seinare ut om eit femte vette, som vil sameine menneska og magien i naturen.

Elsa held fram nordover med Anna og Olaf. Dei finn skipsvraket til foreldra og eit kart som viser veg til Ahtohallan, ei mytisk elv fortalt om av mora deira som vil innehalde alle forklaringar om fortida. Elsa får skyldkjensle for at foreldra vart tapte på havet, då dei leitte etter svar på dei magiske kreftene hennar. Ho bestemmer seg for å reise åleine og sender Anna og Olaf i tryggleik. Elsa møter og temmar nykken, vassvettet som vaktar havet som fører til Ahtohallan. Når ho kjem fram til Ahtohallan, oppdagar Elsa at stemma ho høyrde var kallet frå Iduna. Ho får vite at krafta hennar var ei gåve frå naturen fordi Iduna berga Agnarr i ei usjølvisk dåd, som gjer henne til det femte vettet som sameinar ulikskapar. Elsa tek på seg kappa til mora og finn ut at demningen vart bygd som eit knep for å svekke ressursane til tundrafolket, fordi Runeard mislikte tilknytinga dei hadde til magi, og at Runeard var den som starta konflikten ved å ta livet av leiaren av tundrafolket. Elsa bringer informasjonen til Anna før ho frys til, etter å ha dratt inn i den farlegaste delen av Ahtoallan, som i sin tur får Olaf til å kverve bort.

Anna får meldinga frå Elsa og konkluderer med at demningen må øydeleggast for at det skal kunne bli fred att. Anna finn og vekkar dei sovande gigantiske jordvetta, og lokkar dei mot demningen, som blir øydelagt av kampesteinar kasta av kjempane. Elsa tinar att og returnerer til Arendell, der ho stoggar ein flaum frå den øydelagde demningen. Samtidig som veggen av tåke forsvinn, blir Elsa sameint med Anna og gjenopplivar Olaf. Kristoffer frir til Anna, som seier ja. Elsa forklarer at ho og Anna no er brua mellom folket og dei magiske vetta. Anna blir dronning av Arendell, medan Elsa blir vernaren av den forheksa skogen.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Engelsk versjon[6] Norsk versjon[7] Samisk versjon[8]
All is found
Wood
I elven finnes alt
Hals
Gávnnat buot
Iversen
Some things never change
Bell, Menzel, Gad, Groff, Frozen 2 kor
Livet går sin gang
Krispersen, Stokke, Nilsen, Harr, Frost 2 kor
Buot áššit rievdda eai
Oskal, Pentha, Rimpi, Bjørsmo, Jikŋon 2 kor
Into the unknown
Menzel, AURORA
I ukjent land
Stokke, AURORA
Amas mu vuordá
Pentha, AURORA
When I am older
Gad
Når jeg blir voksen
Nilsen
Go rávásnuvan
Rimpi
Reindeer(s) are better than people (cont.)
Groff
Reinsdyr er bedre enn folk (forts.)
Harr
Boazu lea buoret go olmmoš (joatkka)
Bjørsmo
Lost in the woods
Groff
Å gå seg vill
Harr
Láhpposis nu
Bjørsmo
Show yourself
Menzel, Wood
Vis deg frem
Stokke, Hals
Čájet mat
Pentha, Iversen
The next right thing
Bell
Neste rette ting
Krispersen
Daga de riekta fal
Oskal
Into the unknown (Panic! At the Disco-versjon)
Panic! At the Disco
All is found (Kacey Musgraves-versjon)
Kacey Musgraves
Lost in the woods (Weezer-versjon)
Weezer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frost 2 kommer på samisk». NRK. 19. juli 2019. Henta 12. november 2019. 
  2. Sharf, Zack; Sharf, Zack (13. februar 2019), «‘Frozen 2’ First Trailer: Elsa and Anna Return in Dazzling New Footage», IndieWire (på engelsk), henta 21. november 2019 
  3. Lyng, Bjørn Martin (6. november 2019), «Disse har stemmer i den norske Frost 2-filmen», altaposten.no (på bokmål), henta 21. november 2019 
  4. «Frozen 2 / Northern Sami cast», CHARGUIGOU (på fransk), henta 21. november 2019 
  5. Christine Hals - I elven finnes alt (Fra "Frost 2"/Audio Only) (på engelsk), henta 7. januar 2020 
  6. «‎Frozen 2 (Original Motion Picture Soundtrack / Deluxe Edition) av Various Artists» (på svensk). Henta 28. januar 2020. 
  7. «‎Frost 2 (Originalt Norsk Soundtrack/Deluxe Edition) by Various Artists» (engelsk). Henta 2. februar 2020. 
  8. «‎Jikŋon 2 (Originála Filmma Lávlagat) av Various Artists» (på svensk). Henta 28. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]