Fruktfat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fruktfat

Fruktfat, fruktskål eller fruktbolle er eit fat, skål eller korg med frisk frukt i. Det kan også vera eit fat laga til slik servering.[1]

Fruktfat kan innehalda heil eller oppskoren frukt. Det kan vera ein måte å oppbevara frukt på, eller dandert som ein rett til servering. Ein kan arrangera fruktfat til fest.[2][3][4] Dei kan også brukast til å gjera mat meir innbydande for sjuke som treng å eta.[5]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Fruktfat er vanlege motiv for stilleben, på same måte som kompottskåler.

Stader der det blir dyrka mykje frukt kan ein kalla «fruktfat». Til dømes blir Sogn og Fjordane marknadsført som «Noregs fruktfat».[6] Liknande nemningar er blitt brukte om Hawke's Bay[7] og Hastings på New Zealand.[8]

I overført tyding kan eit fruktfat vera noko som ser vakkert eller innbydande ut. Motsett kan ein seia om noko som ikkje er innbygdane at det «ikkje akkurat er noko fruktfat».[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «fruktfat - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 28. september 2019 
  2. Jentene (14. mars 2018), «Klar, ferdig, barnebursdag! Få de beste rådene for en vellykket fest | Blogg», Bursdagsjentene (på norsk bokmål), henta 28. september 2019 
  3. Andereson, Espen (18.04.2013), «Bosattgruppen arrangerte fest i Bergen», Redd Barna (på norsk), arkivert frå originalen 28. september 2019, henta 28. september 2019 
  4. «5 gode ideer til sommerfesten | Østerås Senter», osteras-senter.no (på norsk), arkivert frå originalen 28. september 2019, henta 28. september 2019 
  5. Stensholt, Anette (31. mai 2012), «Økt matlyst ved Sykehuset Telemark», NRK (på norsk bokmål), henta 28. september 2019 
  6. «Fruktfatet», Fruktfatet (på norsk), henta 28. september 2019 
  7. Taonga, New Zealand Ministry for Culture and Heritage Te Manatu, «Fruit bowl float», teara.govt.nz (på engelsk), henta 28. september 2019 
  8. «Napier Centennial parade, Hastings float», MTG Hawkes Bay Collection Online (på engelsk), henta 28. september 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fruktskåler
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fruktfat