Fruktknute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lengdesnitt av hoblome av squash, som viser fruktemne (fruktknute, griffel og arr), frøemne og kronblad.

Fruktknuten (latin ovarium) er den nedre delen av fruktemnet hjå frøplantar. Fruktknuten inneheld eitt eller flere frøemner (ovule), som blir utvikla til frø etter befrukting.

Stillinga av blomen i høve til fruktknuten: Undersitjande (hypogyn), II kringsitjande (perigyn) og III oversitjande (epigyn).
a støvberar (androecium) g fruktblad (gynoecium) p kronblad (petal) s begerblad (sepal) r blomsterbotn (receptaculum). Festepunktet er der a, p og s møter kvarandre.

Fruktknuten er ofte ein utvida del av to eller fleire samanvaksne fruktblad.[1] Kronblad og begerblad kan vera festa over, under eller omkring fruktknuten.

Dei ytste delane av støvvegen, over fruktknuten, er griffel og arr. Dei tek imot pollen som spirer for så å veksa ned gjennom griffelen til fruktknuten. Deretter veks kvart enkelt pollenkorn inn i eitt enkelt frøemne.

Nokre vindpollinerte blomar har svært reduserte og modifiserte fruktknutar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fruktknute» i Store norske leksikon, snl.no.