Fry jacks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fry jacks

Fry jacks eller fryjacks er ein tradisjonell matrett frå Belize. Dei er laga av frityrsteikte deigbitar som kan ha form som rundingar eller trikantar. Under steikinga bles dei seg gjerne opp og dannar eit holrom i midten.[1]

Fry jacks blir ofte serverte til frukost saman med til dømes egg og bønner. Dei kan også bli til ein søt rett med sukker eller honning og krydder som kanel.[2] Ein kan ha ulike typar fyll i holrommet.[2] Nokre gonger kan ein også steika dei med fyllet inni.[3]

Det finst liknande matrettar som poori frå Sør-Asia, beignet frå franskpåverka område, sopapilla i spanskpåverka område i Amerika, eller ganske enkelt som steikt deig fleire stader.[4]

Typiske ingrediensar er mjøl, feitt, salt, bakepulver og vatn. Deigen blir delt i passande bitar og frityrsteikt i ei gryte eller djup panne.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Favorite Belize treats - the Fry Jack!», My Beautiful Belize (på engelsk), 5. juni 2014, henta 11. juli 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gonzalez, Lorenzo (12. mars 2018), «Original Belizean Fry Jacks Recipe», Belize Adventure - Travel Advice by Local Experts (på engelsk), henta 11. juli 2019 
  3. «Fry Jacks», Ambergris Caye Belize Message Board (på engelsk), henta 11. juli 2019 
  4. «The Great Unifier: The History of Fried Dough», Eat Magazine (på engelsk), 29. desember 2016, henta 11. juli 2019