Fryaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fryajuvet
Gamle Frya kraftstasjon

Frya er ei elv i Innlandet. Ho kjem frå Furusjøen (852 moh) på grensa mellom Nord-Fron og Sel kommune, og har eit nedbørfelt på 377 km².

Frå Furusjøen renn Frya roleg mot søraust, gjennom den breie og skogkledde Frydalen. Ho får tilløp frå fleire sideelvar frå Rondane i nord, der den største er Eldå. Elva snur mot sør om lag der ho møter kommunegrensa mellom Sør-Fron og Ringebu, som følgjer elva heilt til utløpet i Lågen. Nedanfor Furusætra vert dalen trong, og elva renn gjennom eit elvegjel.

Samløpet med Gudbrandsdalslågen er prega av den store vifta til Frya, og dei akkumulerte massane er så store at elveløpet til Lågen er presset heilt over til vestsida av Gudbrandsdalen. I den nedre delen av dalen, på austsida, ligg jordbruksbygda Venabygd.

Frya vart varig verna mot kraftutbygging gjennom verneplan II for vassdrag.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.