Hopp til innhald

Fryske Akademy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coulonhûs, der Fryske Akademy heldt til.

Fryske Akademy, grunnlagt i 1938, er eit forskings- og dokumentasjonssenter for spørsmål knytte til Friesland og til frisisk språk, samfunn og kultur. Institusjonen held til i Coulonhûs i Ljouwert.

Fryske Akademy gir ut Wurdboek fan de Fryske taal ('Frisisk ordbok'), den viktigaste ordboka for frisisk. Akademiet spelar generelt ei viktig rolle i arbeidet for å fremje frisisk språk, både ved å gi innspel og kunnskap i språkdebatten og gjennom forsking på og bruk av språket. Akademiet har gitt ut kring 1000 vitskaplege bøker og ei rad artiklar og rapportar. Kring halvparten er publisert på frisisk.

Fryske Akademy deltek i internasjonalt samarbeid, særleg med institusjonar knytte til andre europeiske minoritetsspråk. Gjennom Mercator-nettverket har Fryske Akademy ansvaret for «Mercator-Education», dvs. at det skal vere knutepunkt for spørsmål knytte til bruk av minoritetsspråk på alle utdanningsnivå.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]