Fuday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fuday
Geografi
Fuday is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°3′ N 7°23′ WKoordinatar: 57°3′ N 7°23′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 2,32 km²

Høgaste punkt Mullach Neacail (89 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Fuday (Fuideigh) er ei folketom øy på 2,32 kvadratkilometer i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg i Sound of Barra, like aust for Scurrival Point på Barra og vest for Eriskay. Fuday er eigd av dei skotske styresmaktene.[1] Øya var folkesett fram til 1901, men det har ikkje vore registrert høgare folketal enn 7 nokon gong.

An Caolas Fuideach

Ho vert framleis nytta som beitemark for kyrna om sommaren. Første gong det vart sett ut kyr på øya døydde dei av tørste, fordi eigaren ikkje viste dei kvar den einaste drikkevasskjelda på øya var, langt inne på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Overview of Fuday». Gazetteer for Scotland. Henta 26. februar 2010.