Fuego av Eléni Fouréira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fuego»
Song av Eléni Fouréira

Land Kypros
Språk Engelsk
Utgjeve 9. mars 2018
Sjanger Pop
Lengd 03:03
Selskap Panik Records
Komponist Alex P, Wrethov, Didrick, Geraldo Sandell, Viktor Svensson
Tekstforfattar Alex P, Wrethov, Didrick, Geraldo Sandell, Viktor Svensson
Låtskrivar(ar) Alexander Papaconstantinou, Geraldo Sandell, Viktor Svensson, Anderz Wrethov Didrick

«Fuego» ('eld') er ein popsong frå 2018 som vert framført av den greske songaren Eleni Foureira. Songen representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2018, der han enda på andreplass bak Netta Barzilai og «Toy» frå Israel. «Fuego» er komponert av den svenske produsenten og låtskrivaren Alexander Papaconstantinou og vart utgjeven for sal 9. mars 2018.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den kypriotiske kringkastaren RIK kunngjorde at Eleni Foureira skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest i 2018. Låten «Fuego» vart offentleggjord som det kypriotiske bidraget 1. februar 2018, og heile låten vart utgjeven ein månad seinare.

Fram mot semifinalen vart «Fuego» stadig meir populær, og dagen før den fyrste semifinalen gjekk låten til topps på favorittlista til spelselskapa.[3][4]

«Fuego» vart framført som det siste bidraget i den fyrste semifinalen tysdag 8. mai 2018. Songen enda på andreplass og var dimed kvalifisert til finalen laurdag 12. mai. I finalen var songen det 25. og nest siste bidraget ut på scena, og ende òg her på ein andreplass.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Tittelen til songen er «Fuego», som er spansk for 'eld', men resten av teksta er på engelsk. Foureira har sagt at songen skal fortelja at kvinner kan vere «sexy og mektige, og at det ikkje er noko gale med det».[5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2018) Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] 35
 Belgia, Flandern (Ultratip)[7] 10
 Frankrike (SNEP)[8] 70
 Hellas (Digitalt sal)[9] 1
 Irland (Irish Singles Chart)[10] 50
 Israel (Media Forest)[11] 10
 Nederland (Single Top 100)[12] 96
 Noreg (VG-lista)[13] 16
 Skottland (Official Charts Company)[14] 30
 Spania (Promusicae)[15] 9
 Sveits (Schweizer Hitparade)[16] 46
 Sverige (Sverigetopplistan)[17] 14
 Storbritannia (UK Singles Chart)[18] 64
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[19] 81

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cyprus: Eleni Foureira to Eurovision 2018 with "Fuego"». Eurovisionworld (på engelsk). 1. februar 2018. 
  2. «Fuego - Single by Eleni Foureira» (på engelsk). 9. mars 2018. Henta 8. mai 2018. 
  3. «Cyprus overtakes Israel as Eurovision favourite ahead of first semi-final». Metro (på engelsk). 8. mai 2018. 
  4. «Eurovision 2018 odds: Cyprus replaces Israel as favourite to win grand final | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 8. mai 2018. 
  5. «Eleni Foureira tells us about the fire inside of her with Eurovision entry Fuego». Metro (på engelsk). 8. mai 2018. 
  6. Hung, Steffen. «Eleni Foureira – "Fuego"». Henta 26. mai 2018. 
  7. «Netta – "Fuego" på flamsk utfordrerliste». Henta 18. mai 2018. 
  8. Hung, Steffen. «lescharts.com - Eleni Foureira - Fuego». Henta 20. mai 2018. 
  9. «Official IFPI Charts-Digital Singles Chart» (på gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 13. april 2018. 
  10. «IRMA – Irish Recorded Music Association». Henta 18. mai 2018. 
  11. «Media Forest 20 13-05-18 19-05-18». Media Forest. Arkivert frå originalen 5. november 2016. Henta 25. mai 2018. 
  12. Hung, Steffen. «"Fuego" på nederlandsk singelliste». Henta 18. mai 2018. 
  13. «Fuego». VG-lista 2018 (på norsk bokmål). 
  14. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 18. mai 2018. 
  15. «Top 100 Canciones – Semana 20: del 11.05.2018 al 17.05.2018» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. Henta 23. mai 2018. 
  16. Hung, Steffen. «Eleni Foureira - Fuego - swisscharts.com». Henta 20. mai 2018. 
  17. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 18. mai 2018. 
  18. «Eleni Foureira – full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 18. mai 2018. 
  19. «"Fuego" på Offizielle Deutsche Charts» (på tysk). Offizielle Deutsche Charts. Henta 18. mai 2018.