Fugløya i Gildeskål

Koordinatar: 67°3′50″N 13°48′11″E / 67.06389°N 13.80306°E / 67.06389; 13.80306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fugløy i Gildeskål)
Fugløya
Sørfugløy Foto: Lars Røed Hansen
Sørfugløy

Foto: Lars Røed Hansen

Geografi
Stad Salten
Koordinatar 67°3′50″N 13°48′11″E / 67.06389°N 13.80306°E / 67.06389; 13.80306

Areal 13 km²

Høgaste punkt Hagtinden (766 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Fugløya er ei øy i Gildeskål kommune i Nordland. Ho har eit areal på 13 km². Øya er prega av det 766 meter høge Hagtinden. Jordsmonnet er fruktbart og det har derfor budd folk på øya i lang tid. Etter den andre verdskrigen budde det om lag 200 personar på Fugløya. Så seint som i 1960 hadde øya 124 innbyggjarar. I dag vert husa i all hovudsak nytta til feriehus. Ein del av øya er verna som naturreservat. Den nordlege delen av øya har god fjellkvalitet, noko som gjer staden til eit populært reisemål for fjellklatring.

Sørfugløy kan få anløp med snøggbåtruta Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen ved behov.

Fugløya sett frå nord
Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.