Fugløyfjorden i Gildeskål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°2′36.031″N 13°51′38.254″E

Sørfugløy på Fugløya med Fugløyfjorden til høgre

Fugløyfjorden er ein fjord i Gildeskål kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av Fugløya og Fugløyvær. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover til Sørarnøya, like sør for Saltfjorden. Mellom Sørarnøya og Fugløya ligg Fleina.

Fjorden har innløp mellom Florholman i nord og Finnes i sør. Tettstaden Sørfugløy ligg sør på Fugløya. I aust ligg øya Femris og Sandhornøya. På austsida av Femris går Sørfjorden sørover. Tettstaden Inndyr ligg på vestsida av neset aust for Femris. Lengst nord på nest ligg Sund og frå her går det ferje over fjorden til Sørarnøy.

Aust for Sund går Morsdalsfjorden sørover på vestsida av Sandhornøya. Han held fram som Holmsundfjorden på søraustsida av øya.