Fuglar i flukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Winged Migration
Norsk tittel: Fuglar i flukt
OpphavslandFrankrike
SpråkFransk, Engelsk Edit this on Wikidata
Sjangernature documentary, dokumentarfilm
RegissørJacques Perrin,
Jacques Cluzaud,
Michel Debats
ProdusentChristophe Barratier,
Jacques Perrin
ManusJacques Perrin, Jean Dorst Edit this on Wikidata
MedverkandeJacques Perrin, Philippe Labro Edit this on Wikidata
MusikkBruno Coulais
SjeffotografBernard Lutic Edit this on Wikidata
FilmselskapSony Pictures Classics
Utgjevingsår2001
Lengd98 min.

Fuglar i flukt, original tittel på fransk: Le Peuple Migrateur, engelsk: Winged Migration, er ein dokumentarfilm frå 2001, regissert av Jacques Cluzaud, Michel Debats og Jacques Perrin.[1] Perrin har òg vore med å skrive kommentarane i filmen når dei følgde fuglar under trekk.

Filmen er dedikert den franske ornitologen Jean Dorst.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Flyging saman med prega fuglar av fleire artar, biletet er ikkje frå opptak til denne filmen

Opptaka til filmen vart gjort i løpet av fire år på alle sju kontinent. Dei fleste opptaka er filma frå lufta, teamet brukte då eit kamera montert i ulike små flygefartøy, og sjåarane får inntrykk av å flyge saman med ei rekkje ulike artar, spesielt kanadagjæser. Dei trekkjer i alle slags vêrtilhøve over alle slags landskap, og flyginga skjer over store avstandar for at fuglane skal overleve i naturen. Filmskaparane eksponerte over 950 kilometer med råfilm for å lage dokumentaren på 89 minutt. I eit tilfelle vart filmarbeid gjennom to månader på éin stad redigert ned til mindre enn éit minutt i den endelege utgjevinga.

Mange av opptaka tatt frå fly syner tamme fuglar. Filmskaparane klekte og oppfostra fuglar frå fleire artar, mellom dei storkar og pelikanar. Dei nyfødde fuglane vart prega på menneska og vart lærte til å flyge saman med filmteamet. Fuglane vart òg eksponerte for filmutstyret gjennom livet, for at fuglane skulle reagere naturleg på utstyret, slik filmskaparane ønskte. Fleire av desse artane hadde aldri vore prega før. Filmen vart skoten frå ultralette fly, paraglidarar, og varmluftballongar, og dessutan med bruk av lastebilar, motorsyklar, motorbåtar, fjernstyrte robotar og eit fransk krigsskip. Produsenten seier at Fuglar i flukt korkje er dokumentar eller fiksjon, men snarare ein «naturleg tale».[2]

Filmen seier at ingen spesielle effektar vart brukte ved filminga av fuglane, sjølv om nokre sekvensar som viser jorda frå verdsrommet utvidar dei verkelege opptaka.

Lydsporet av Bruno Coulais vart spela inn av fleire bulgarske vokalgrupper på bulgarsk, og dessutan har Nick Cave og Robert Wyatt gjeve bidrag med musikk. Vokale effektar inkluderer sekvensar der pesing ved vengeslag skal gjere inntrykk av at sjåaren er ein fugl.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Fuglar i flukt har ei samla oppslutning på 96 % på Rotten Tomatoes.[3]

Filmen vart nominert til Oscar for beste dokumentarfilm.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Programmer: Fuglar i flukt». Nrk nettstad. Henta 21. januar 2012. 
  2. "Making of" special feature på DVD-plata
  3. «Rotten Tomatoes». Henta 21. januar 2012. 
  4. «NY Times: Le Peuple Migrateur». NY Times. Henta 21. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]