Fugleøya i Slovakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fugleøya
Fugløya.
Foto: Štefan Benko

Fugleøya er ei lita øy på 6,86 hektar i Hrušovská zdrž i Slovakia. Ho ligg i Gabčíkovo-reservoaret, sørvest for Šamorín. Øya er kunstig og vart bygt i samband med Gabčíkovo-Nagymaros-dammane i Donau, då ein del skogområde vart lagt under vatn. Øya er ein del av eit føreslått verneområde for vassfuglar. Dei viktigaste fulgane som hekkar her er svartehavsmåse (Larus melanocephalus), som berre hekkar her i heile Slovakia, og raudstilk (Tringa totanus), som i Vest-Slovakia berre hekkar her. Området er forbode område for ålmenta i hekkesesongen og om vinteren.

Øya er 6,86 hektar stor og dekt av gras og noko skog. Kysten av øya er berglendt og vanskeleg tilgjengeleg. Donau ligg berre 700 meter unna.

Hekkande fuglar[endre | endre wikiteksten]

Fuglar som overvintrar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]