Fugledansen


Fugledansen er ein dans som var utbreidd som ei dille i Europa og Nord-Amerika på 1980-talet. Populariteten til fugledansen var mellom anna eit resultat av «The Birdie Song», som blei framført av popgruppa The Tweets i 1981.
Bakgrunn og historie
[endre | endre wikiteksten]Songen til Fugledansen blei komponert av trekkspelaren Werner Thomas frå Davos i Sveits, i 1957 under namnet Chip-Chip. Det var òg Thomas som utvikla dansen rundt 1963. Han framførte songen med tilhøyrande dans i restaurantar og hotell frå 1963. Under ei av desse framføringane høyrde den belgiske produsenten Louis van Rijmenan songen. Van Rijmenan la til nokre tekster, og i 1970 gav han songen offentleg gjennom forlaget sitt Intervox Music (seinare samarbeidde han med sitt andre selskap og publiserte songen gjennom Eurovox Music) utan stor suksess. Eurovox Music eig i dag utgjevarrettane over heile verda, utanom USA (September Music), Storbritannia (Valentine Music) og i Nederland (Benelux Music).
Fugledansen og songen blei kjøpt frå Tyskland til USA av Eddie Duling og Larry Karhuff frå Glandorf i Ohio i 1974. Namnet til den opphavlege sveitsiske songen var «Der Ententanz» (Andedansen). I løpet av 1970-åra fekk songen namnet «Vogeltanz» (Fugledans), sjølv om desse namna aldri slo igjennom i Tyskland.
Popularitet
[endre | endre wikiteksten]Populariteten til songen og dansen var eit resultat av «The Birdie Song», som blei framført av popgruppa The Tweets i 1981. Seinare i 2000 blei deira versjon av songen stemt til den «mest irriterande songen nokon sinne» i ei meningsmåling utført av heimesida dotmusic.[1]
Fugledansen i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I oktober 2015 lansert butikkjeda Meny og Kyllinggården ein reklamekampanje for å promotera dei nye kyllingprodukta sine. I denne reklamen utfordra selskapa musikkvideoregissøren Reinert Olsen (Ray-Kay) til å laga ein ny og modernisert versjon av kyllingdansen/fugledansen.[2]
Koreografi
[endre | endre wikiteksten]
Fugledansen med tilhøyrande song er meint å utførast som ein gruppedans, og han er som følgjer:
- Fleire personar formar ein stor sirkel, alle vende mot midtpunktet til sirkelen.
- Når musikken startar, form eit fuglenebb med hendene. Opne og lukk «nebbet» fire gonger under dei fire fyrste taktslaga.
- Form kyllingvenger med armane. Flaks vengene fire gongar til dei neste fire slaga.
- Form stjertfjørene med armar og hender. Vrikk kroppen nedover på dei neste fire taktane.
- Klapp hendene dei neste fire slagea.
- Gjenta denne prosessen fire gongar.
- Etter fjerde gong, snur dansaren seg til høgre saman med dansepartnaren, med høgrearmen i armkrok, under åtte taktslag.
- Dei to partnarane svingar seg rundt, arm i arm med ansikt til ansikt, fire gongar.
- Alle punkta blir gjentekne til dansen er over. Dansen gjentar seg raskare og raskare til musikken stoppar.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Birdie Song tops hall of shame». 24. juli 2000. Henta 28. oktober 2015.
- ↑ «The New Chicken Dance | Meny.no». www.meny.no. Arkivert frå originalen 23. mars 2016. Henta 28. oktober 2015.
- ↑ «Fugledansen». NRK. Henta 29. oktober 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Fugledansen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2026.