Fuglenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fuglenes er ein bydel i Hammerfest. Han er ein av dei 34 stadene som er tekne med i verdsarv-kulturminnet Struvemeridianen. Det var her Friedrich Georg Wilhelm von Struve sine oppmålingar vart avslutta i 1852.

Meridianstøtta[endre | endre wikiteksten]

Meridianstøtta

I 1854 vart Meridianstøtta reist, som eit minnemerke over oppmålinga. Støtta har ein fot i granittstein, ein pilar i bronse og ovanpå den ein rund klote av kopar, som skal minna om jorda. På minnesmerket står det:

«Det nordligste endepunkt av en meridianbue på 25 ° 20' fra det nordlige ocean til Donaufloden – gjennom Norge, Sverige og Russland. Etter foranstaltning av HM Oscar I og keiserne Alexander I og Nicolaus I ved uavbrutt geometrer. Bredde 70° 40' 11,3`` ».

I 1945, under andre verdskrigen, vart minnesmerket sendt til Trondheim for å unngå øydelegging.

Nokre år etter krigen vart støtta attreist på plassen sin, det var den 17. mai 1949. I dag er det norske meridianmonumentet eit symbol for Hammerfest, som lenge var den nordlegaste byen i Noreg.

Ein liknande pilar står ved den andre enden av meridianbogen, ved punktet Stara Nekrasivka i Ukraina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]