Fugleslekta Sula
| Sula | |
Blåfotsule, Sula nebouxii | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Overorden: | Aequornithes |
| Orden: | Sulefuglar Suliformes |
| Familie: | Sulefamilien Sulidae |
| Slekt: | Sula Brisson, 1760 |
Sula er ei biologisk slekt av sjøfuglar i sulefamilien, Sulidae. Leveområdet er generelt pantropisk. Desse sulene lever pelagiske og hekkar typisk på øyar fjernt frå kontinenta.
Slekta Sula blei introdusert av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760.[1] Typearten er brunsule.[2] Namnet kjem frå súla, det norrøne og islandske ordet for arten havsule i Nord-Atlanteren.[3]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er store sjøfuglar med små skilnader i storleik mellom artane. Typisk ligg kroppslengda mellom 70 og 84 cm, og kroppsmassen på 1,1 - 2,3 kg. Kjønna er like, men hoene er ofte litt større enn hannane. Raudfotsule er ein liten art i slekta, 69-79 cm og 0,9-1,1 kg.[4]
Sula-artane har lange spisse venger, avsmalnande halar og kraftige, spydforma nebb. Fjørdrakta er kontrastrikt mønstra i kvitt og svart eller brunt, nebb og bein har ofte lyse eller klåre fargar.
Utbreiingsområdet er over alle tropiske hav. Her fangar dei fisk ved å stupe frå ei høgde ned i sjøen og jage byttet under vatn. Luftsekkar under huda i ansiktet dempar slaget når dei treff vatnet. Dette er fuglar som hekkar i koloniar på øyar og kystar. Dei legg normalt eitt eller fleire kritkvit-blå egg på bakken eller av og til i eit reir i tre. Selektivt press, truleg på grunn av ressurskonkurranse, har forma økomorfologien og åtferda til dei seks suleartane i Stillehavet.
Namnsetting
[endre | endre wikiteksten]Det engelske fellesnamnet 'booby' for medlemmer i denne slekta kjem truleg frå det spanske slangordet bobo, som betyr «dum». Dei tamme fuglane hadde for vane å lande om bord på seglskip, der dei lett kunne bli fanga og etne. På grunn av dette blir suler ofte nemnde som mat for skipbrotne sjømenn, spesielt i forteljinga om William Bligh frå skipet Bounty og hans tilhengjarar etter at dei blei sett ut på sjøen av Fletcher Christian og hans følgje.[5] Det norske fellesnamnet 'sule' er brukt både for alle medlemmer av Sula og for artane i den andre slekta av sulefamilien, nemleg Morus som inkluderer havsule.[6]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Raudfotsule, Sula sula
- Brunsule, Sula leucogaster
- Maskesule, Sula dactylatra
- Nazcasule, Sula granti
- Blåfotsule, Sula nebouxii
- Humboldtsule, Sula variegata
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Slekt Sula i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6] Alle artane er klassifiserte som livskraftige.[8]
|
Treliste
|
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Seks av dei ti nolevande artane i sulefamilien høyrer til i slekta Sula, medan dei tre artane vanlegvis blir plasserte i slekta Morus.[9] Christmassule var tidlegare inkludert i Sula, men er no skilt ut i ei monotypisk slekt, Papasula, som representerer ei eldgammal linje, kanskje nærare Morus. Slektene kan lett skiljast ved hjelp av osteologi, studie av skjeletta. Dei distinkte slektslinjene for Morus-suler og slekta Sula har eksistert i denne forma sidan minst midtre miocen (for 15 millionar år sidan).[10]
Fossilhistoria til slekta Sula er ikkje like godt dokumentert som for Morus, anten fordi artsdanninga i Sula var lågare frå sein miocen til pliocen, då mangfaldet av Morus var på sitt høgaste, eller fordi fossilhistoria for suler enno er ufullstendig, sidan dei fleste fossillokalitetane ligg i ekvatoriale eller sørlege halvkulestrøk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var baset på «Booby» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2025
- Referansar
- ↑ Brisson, Mathurin Jacques (1760). Ornithologie, ou, Méthode contenant la division des oiseaux en ordres, sections, genres, especes & leurs variétés (på French og latin) 1. Paris: Jean-Baptiste Bauche. Vol. 1 p. 60, Vol. 6 p.494.
- ↑ Mayr, Ernst; Cottrell, G. William, red. (1979). Check-list of Birds of the World 1 (2nd utg.). Cambridge, Massachusetts: Museum of Comparative Zoology. s. 181. Arkivert frå originalen 8. august 2021. Henta 28. januar 2025.
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 373. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). Boobies and Gannets (Sulidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sulida1.01
- ↑ Alexander, Caroline (25 May 2004). The Bounty: The True Story of the Mutiny on the Bounty. Penguin Books. ISBN 978-0142004692.
- 1 2 «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 11. november 2024.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 28. januar 2025
- ↑ Birdlife International, Søk på Sula
- ↑ Friesen, V. L.; Anderson, D. J.; Steeves, T.E.; Jones, H.; Schreiber, E.A. (2002). «Molecular support for species status of the Nazca Booby». The Auk 119 (3): 820–826. doi:10.1642/0004-8038(2002)119[0820:MSFSSO]2.0.CO;2.
- ↑ Olson, Storrs L. (1985). «The Fossil Record of Birds (Section X.G.5.a Sulidae)». I Farner, D.S.; King, D.S.; Parkes, K.C. Avian Biology 8. New York: Academic Press. s. 79–238 [203–204]. hdl:10088/6553. Arkivert frå originalen 10. april 2021. Henta 28. januar 2025.