Fuiay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fuiay
Lokalt namn: Fùidheigh
Geografi
Fuiay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°0′ N 7°22′ WKoordinatar: 57°0′ N 7°22′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,84 km²

Høgaste punkt 107 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Fuiay (skotsk-gælisk Fùidheigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho har eit areal på 84 hektar og det høgaste punktet på øya ligg 107 meter over havet. Øya ligg like vest for Flodday og om lag 1,5 km sørvest for Hellisay. Barra ligg på andre sida av North Bay.

Det budde tidlegare seks familiar på øya, men ho har stått utan innbyggjarar sidan om lag 1850. Det finst ei tidvassbukt ved øya som kan ha vore ei effektiv fiskefelle.[1][2]

Namnet kan kome frå norrønt for «husøya»[3] eller kanskje ei blanding av det gæliske bhuidhe, som tyder «gul» og det norrøne øy.[1]

Fuiay er ei av fleire folketomme øyar på nordaustsida av Barra og andre øyar i nærleiken som Orosay, Fuday og Gighay. I nordvest ligg det mange holmar og skjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. «Overview of Fuiay». Gazetteer for Skottland. Henta 26. februar 2010. 
  3. Iain Mac an Tailleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 26. februar 2010.