Fukting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fukting er ein prosess der ein gass, væske eller eit fast stoff tek til seg ei anna væske eller dampen frå denne væska. Fukting av luft med vassdamp spelar stor rolle i luftkondisjonering. Fukting tyder òg at ei væske trekkjer seg utover ei flate av eit fast stoff.

Vatn fuktar glas. I eit glasskar vil difor vassflata bøye seg opp langs kanten, og vatnet vil trekkje seg oppover i tynne glasrøyr, kapillarrøyr. Kvikksølv fuktar ikkje glas, kvikksølvdråpar blir liggjande som litt flattrykte kuler på glaset. I tynne røyr vil kvikksølvet stå lågare enn kvikksølvoverflata utanfor røyret. På grunn av fukting eller ikkje fukting vil overflata av væskesøyla i røyret, menisken, få motsette krummingar for vatn og kvikksølv i glas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]