Fulaniar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fulanifamilie frå Mali.
Foto: Ferdinand Reuss

Fulaniar er eit folkeslag som fyrst og fremst bur i Sahel i Vest-Afrika og i tilgrensande område. Dei fleste snakkar fulfulde.

Mariem, ei fulanijente frå Mali, med eit bilde av seg sjølv teke nokre år tidlegare.
Foto: Ferdinand Reuss
Fulanikvinner i Paoua i Den sentralafrikanske republikken.
Foto: Brice Blondel

Det bur fulaniar i Mauritania, Senegal, Guinea, Gambia, Mali, Nigeria, Sierra Leone, Benin, Burkina Faso, Guinea-Bissau, Kamerun, Elfenbeinskysten, Niger, Tsjad, Togo, Den sentralafrikanske republikken, Ghana, Liberia og Sudan. Dei er i mindretal i alle desse landa, men er den største folkgegruppa i Guinea, der fulaniane utgjer rundt 40 % av innbyggjarane.

I tillegg til fulani er folket også kalla mellom anna fula, peul, fellata og fulbe. Deira eige namn på seg sjølve er fulɓe (der ɓ er ein implosiv b-lyd), som er fleirtal av pullo.

Tilhøvet mellom fulaniane og fulfulde[endre | endre wikiteksten]

Som nemnt i innleiinga, snakkar dei fleste fulaniane språket fulfulde, men relasjonen mellom den etniske gruppa og språket er etter måten komplisert.

Fulanimenn frå Sokoto i Nigeria i 1900.

For det fyrste finst det fleire millionar menneske i Vest-Afrika som reknar seg som fulaniar, men som ikkje har fulfulde som fyrstespråk (eller morsmål). CIA World Factbook fortel at Nigeria har litt over 149 millionar innbyggjarar, og om etniske grupper kan ein lese at landet har over 250, der desse er størst og har mest å seie politisk:[1]

Gruppe % Gruppe % Gruppe % Gruppe %
hausa og fulani 29 igbo (Ibo) 18 kanuri 4 tiv 2,5
joruba 21 ijaw 10 ibibio 3,5

Hausaene og fulaniane snakka opphavleg kvart sitt språk, hausa og fulfulde, men i Nigeria finst det i dag truleg fleire millionar fulaniar som har hausa som fyrstespråk. I Mali finst det truleg mange tusen fulaniar som har bambara som fyrstespråk, men som likevel har eit sterkt medvit om at dei er fulaniar. Familienamna deira fortel oftast om fulanibakgrunnen.

For det andre finst det fleire millionar vestafrikanarar som har fulfulde som fyrstespråk, men som ikkje blir rekna som fulaniar. Det gjeld mellom anna haalpulaar'en i Senegal (der dei utgjer om lag 10 % av folkesetnaden), Mauritania, Mali og Guinea. Haalpulaar'en tyder 'dei som snakkar pulaar (= fulfulde)'. Dei er òg kjende under namnet tukuloor. Fulaniane og dei fulfuldetalande folka i Mali og fleire andre delar av Vest-Afrika lever tradisjonelt i kastesamfunn, og det er berre dei som høyrer til dei «adelege» slektene på toppen av systemet som blir rekna som fulaniar, medan store fulfuldetalande grupper av mellom anna handverkarar, handelsfolk og frigjevne slavar (dimaajo, fleirtal rimaayɓe) ikkje blir rekna som etniske fulaniar, men berre yimɓe pulaaku 'folk av fulanikulturen' (yimɓe 'folk'; pulaaku 'fulanikultur, fulanidom').

Kvinne frå woɗaaɓeklanen med tatoveringar på ansiktet og underleppa.
Foto: Ferdinand Reuss

Undergrupper av fulaniar[endre | endre wikiteksten]

Unggutar som høyrer til woɗaaɓe-klanen under geerawol-dansen. Hovudplagget deira er eit særmerke på fulaniar over heile Vest-Afrika.
Foto: Dan Lundberg, 1997

Dei nomadiske fulaniane i Niger, Nigeria, Kamerun og Den sentralafrikanske republikken høyrer til klanen woɗaaɓe (fleirtal av boɗaaɗo), som ikkje minst er kjende for geerawol-dansen; jf. biletet til høgre.

«Adelege» fulanislekter[endre | endre wikiteksten]

I store delar av Vest-Afrika lever fulaniane og dei fulfuldetalande i kastesamfunn. Øvst i dette kastesamfunnet er dei «adelege» eller «frie», fulfulde dimo, fleirtal rimɓe, som er kvegnomadar eller etterkomarar av kvegnomadar. Dei høyrer til fire klanar, med kvart sitt familienamn:

  1. Baa. Også kjende som m. a. Balde og Jaakite.
  2. Bari. Også kjende som m. a. Sanngare.
  3. Jallo. Også kjende som m. a. Dikko og Kaa.
  4. Soo. Også kjende som m. a. Siidibe.

– ofte i fransk- eller engelskbaserte skrivemåtar som , Bah, Diakité, Bary, Barry, Sangaré, Diallo, Dicko, Kah, , Sow og Sidibé.

Tradisjonelle levevegar[endre | endre wikiteksten]

Fulani som gjæter kyr i Nord-Kamerun. Foto: Philou.cn.

Tradisjonelt har dei fleste fulaniane vore storfenomadar, og framleis er storfenomadisme ein viktig leveveg mellom dei. Opphavleg, for noko over 1000 år sidan, budde fulaniane fyrst og fremst i den delen av Vest-Afrika som no er Senegal, men fordi dei stadig har vore på leiting etter nye beitemarker for kyrne sine, har lever dei no over heile Sahel. Til og med i Sudan og Etiopia kan ein møte fulaniar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Over 95 % av fulaniane er muslimar, og i fleire hundre år har mange fulaniar sett på islam som ein sentral del av fulanikulturen, attåt pulaaku 'fulanidom' (sjå neste avsnitt). Tidleg på 1800-talet førte fulaniane krig fleire stader i Vest-Afrika for å omvende folk til islam. Ein viktig person i denne samanhengen var fulanien Seehu (sjeik) Usumaanu ɓii Fooduye (1754–1817), betre kjend under hausa-namnet Shaihu Usumanu ɗan Fodio, kalif av Sokoto 1804–1815.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Nigeria Arkivert 2019-03-29 ved Wayback Machine. i CIA World Factbook

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]