Fulka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fulka.

Fulka (urdu پھلکا hindi फ़ुल्का fulkā) er ein type indisk brød — roti — som er mjukare enn vanleg chapati og blæs seg meir. Ein bruker saup i staden for vatn når ein knar deigen, for å gjera han meir tøyeleg.

Fulka blir også steikte på ein forskjellig måte, ved at ein presser eit fukta handklede mot oversida medan ein steiker brødet. Dette er ein vanskeleg kunst, og det er få som får det til.