Fullriggar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
S/S «Christian Radich» til kai i Oslo.

Ein fullriggar er eit seglskip med minst tre master der alle mastene er skværrigga (med rær på alle master). Det finst òg fire- og femmasta fullriggarar.

To av dei tre norske skuleskipa, S/S «Sørlandet» og S/S «Christian Radich», er fullriggarar, mens det tredje, S/S «Statsraad Lehmkuhl», er barkrigga.