Holometaboli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fullstendig forvandling)
Ulike vekststadium hjå eit holometabolt insekt

Holometaboli eller fullstendig forvandling er den vanlegaste av dei tre livssyklus-formene me finn hjå insekt. Holometabole insekt har utviklingsstadium: egg, larve, puppe og imago eller vaksent insekt.

Holometaboli står i motsetnad til hemimetaboli og ametaboli. Insekta med denne forma for forvandling utgjer ei monofyletisk gruppe, det vil seie at dei er nærare i slekt med kvarandre enn med andre insekt. Til dei holometabole insekta høyrer biller, fluger og mygg, kvefsar, sommarfuglar og møll.