Fumarole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fumarolsk)
Forskarar tar gassprøver ved fumaroler på Mount Baker

Fumarole (frå latin fumus som tyder 'røykar') eller soffion er ei opning i jordskorpa eller på overflata til ein annan himmellekam. Ofte finn ein slike i nærleiken av vulkanar, og gjerne dei som avgjer damp eller gassar som karbondioksid, svoveldioksid, saltsyre og hydrogensulfid.

Solfatar (etter vulkanen Solfatara, vest for Napoli) er fumaroler, som omfram overheita vassdamp sender ut svovelhaldige gassar, mest hydrogensulfid.

Fumaroler finst ofte langs små opningar eller lange sprekkar, i kaotiske klasar eller felt, og på overflata av størkna lavastraumar og tjukke avleiringar av pyroklastiske straumar. Eit fumarolefelt er eit område med varmekjelder og gassavløyp der magma eller gloande vulkanske bergartar som ligg rett under overflata avgjer gassar eller møter grunnvatn. Frå eit grunnvassperspektiv kan ein fumarole skildrast som ei varm kjelde der vatnet kokar før det når overflata og deretter blir ventilert ut som damp eller kondens. Fumaroler kan vere aktive i tiår eller hundreår dersom dei ligg over ei vedvarande varmekjelde, eller dei kan forsvinne i løpet av veker eller månader dersom dei berre ligg på toppen av ferske vulkanske avleiringar som raskt blir avkjølt.

Svovelavsetting rundt ein fumarole.

Eit godt på døme på fumaroleaktivitet på jorda er den kjende Valley of Ten Thousand Smokes som vart danna under utbrotet av Novarupta i Alaska i 1912. I byrjinga var det tusenvis av fumaroler under avkjølinga av den vulkanske oska frå utbrotet, men over tid har mesteparten av desse døydd ut. Det er estimert at det finst rundt 4000 fumaroler innanfor Yellowstone nasjonalpark i det nordvestre USA. Endå eit døme er ei rekkje fumaroler i Valley of Desolation i Morne Trois Pitons nasjonalpark i Dominica.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fumarole

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]