Fundamentalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristne fundamentalistar ønskjer å bygga eit samfunn på lære frå Bibelen.

Fundamentalisme viser til antimodernistiske rørsler i ymse religionar, og er eit omgrep mellom anna brukt i samanliknande religion. På mange måtar er fundamentalisme eit moderne fenomen, karakterisert av ei kjensle av sterk framandgjering i høve til den kulturelle omgivnaden, også der kulturen er nominelt dominert av dei aktuelle fundamentalistane sin eigen religion. Termen kan òg referere spesifikt til trua på at eins religiøse tekstar er ufeilbarlege og historisk nøyaktige, trass i at moderne vitskapleg gransking seier det motsette. Mange grupper omtala som fundamentalistiske er ofte mykje imot nemninga på grunn av dei negative konnotasjonane ho ber, eller fordi det impliserer ein likskap mellom dei og andre grupper, noko dei nektar for.

Sjølv om termen fundamentalisme i folkeleg bruk nokre gonger refererer på ein nedsetjande måte til ei kvar religiøs yttergruppe, eller til ekstremistiske etniske rørsler der den religiøse motiveringa berre er nominell, så har nemninga ei meir presis tyding. «Fundamentalistisk» omtalar ein freistnad på å vende tilbake til det som blir sett som dei definerande eller grunnleggjande prinsippa i religionen. Nemninga har særleg komme til å referere til alle religiøse enklavar som medvite gjer motstand mot identifisering med den større religiøse gruppa dei opphavleg oppstod innanfor, på det grunnlaget at dei fundamentale (grunnleggjande) prinsippa som den større religiøse gruppa er grunnlagd på, har vorte utvatna eller erstatta av alternative prinsipp i motsetning til den eigentlege identiteten til den religiøse gruppa.

Danninga av ein separat identitet blir sedd som naudsynt på grunn av at ein meiner det religiøse fellesskapet har gitt opp å definere seg sjølv religiøst. Det fundamentale (grunnleggjande) i religionen er neglisjert, tapt gjennom kompromiss og gløymsle, slik at det allmenne religiøse fellesskapet si sjølvforklaring verkar for separatisten å vere fullstendig framand i høve til sjølve religionen. Fundamentalistiske rørsler er derfor skipa etter dei same religiøse prinsippa som den større gruppa, men fundamentalistane freistar meir medvite å byggje ei heil tilnærming til den moderne verda basert på streng truskap til desse prinsippa, for å vere annleis enn andre både i doktrine og livsførsel.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Termen i seg sjølv er henta frå tittelen på ei rekkje bøker frå bibelselskapet i Los Angeles kalla The Fundamentals. Denne essay-serien vart representativ for «fundamentalist-modernist-striden» som kom i første delen av 1900-talet innanfor dei protestantiske kyrkjene i USA. Konfliktmønsteret mellom fundamentalisme og modernisme i protestantisk kristendom har klare parallellar i andre religiøse samfunn, og i sin bruk for å omtale desse korresponderande aspekta i elles ulike religiøse rørsler har termen vorte meir enn berre ein term somme brukar om seg sjølve eller andre brukar som skjellsord.

Fundamentalistisk ideologi[endre | endre wikiteksten]

Fundamentalisme er såleis ei rørsle der tilhengarane prøver å redde den religiøse identiteten frå å bli oppløyst i den moderne vestlege kulturen, der denne oppløysinga for enklaven synest å ha vorte irreversibel i det større religiøse fellesskapet, noko som da gjer det naudsynt å hevde ein separat identitet basert på dei fundamentale, grunnleggjande og opphavlege prinsippa i religionen.

Fundamentalistar meiner saka deira er avgjerande viktig. Dei meiner dei vernar ikkje berre ein distinkt doktrine, men òg eit vitalt prinsipp og ein veg for liv og frelse. Eit altomfattande fellesskap med ein klart definert religiøs livsstil på alle område er det dei fundamentalistiske rørslene lovar, og dei har derfor appell til dei tilhengarane av religionen som finn lite som er distinkt eller autentisk vitalt i den tidlegare religiøse identiteten deira.

Den fundamentalistiske grensedraginga, som vernar identiteten deira, er ikkje berre mot andre religionar, men òg mot ein modernisert, kompromittert, nominell versjon av deira eigen. I kristendomen er fundamentalistane «atterfødde», «bibeltru» protestantar, i motsetning til «vanlege», «liberale», «moderne» kyrkjemedlemmer, i islam er dei jama'at, religiøse enklavar som medvite driv jihad (kamp) mot vestleg kultur som undertrykkjer autentisk islam og den gudegitte livsstilen etter sjaria, i jødedomen er dei haredi, «Toráh-tru» jødar, og dei har parallellar i hinduismen og andre religionar òg. Desse gruppene insisterer på ei skarp grense mellom dei sjølve og dei som høyrer til andre religionar, men altså òg mellom eit «heilag» livssyn og den sekulære verda og «religion berre i namnet». Dei rettar kritikken sin mot og hentar tilhengarane sine frå det større religiøse fellesskapet, ved å overtyde dei om at dei ikkje der ser den autentiske versjonen av religionen sin.

Mange granskarar ser liknande drag i dei fleste former for fundamentalisme. Dette blir særleg tydeleg om ein ser desse tradisjonalistiske eller overnaturlege variantane ut frå eit moderne, sekulært, eller ateistisk perspektiv. Frå eit slikt perspektiv skreiv Peter Huff i International Journal on World Peace:

«Ifølgje Antoun, er fundamentalistar i kristendomen, jødedomen og islam, trass sine doktrinære og praktiske ulikskapar, sameinte i eit felles syn på verda som ankrar alt i livet til ein heilag autoritet, og i eit sams ethos som uttrykkjer seg gjennom raseri over tempoet og omfanget av moderne sekularisering

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]