Funiculaire de Montmartre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Funiculaire de Montmartre og kyrkja Sacré-Coeur fotografert før 1910.
Funiculaire de Montmartre etter fornyinga som vart gjort i 1991.

Funiculaire de Montmartre er ei 108 meter lang dobbeltspora kabelbane for persontransport som går opp mot toppen av høgda Montmartre i Paris i Frankrike. Bana vart opna i juli 1900, vart fornya i 1935, og vart i 1991 omgjort til ei automatisk bane, så å seie ein skråheis med to kabinar på kvar sin skjenegang. Høgdeskilnaden er trettiseks meter, og ferda er unnagjort på mindre enn halvanna minutt. Bana er populær og fraktar ei stor mengd passasjerar i året. Det er RAPT (Régie autonome des transports parisiens), som står for skjenegåande kollektivtrafikk i Parisområdet, som står for drifta av Funiculaire de Montmartre.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Funiculaire de Montmartre