Furqlus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Furqlus
الفرقلس
by
Land  Syria
Guvernement Homs guvernement
Distrikt Homs-distriktet
Nahiyah Furqlus
Koordinatar 34°36′0″N 37°5′0″E / 34.60000°N 37.08333°E / 34.60000; 37.08333
Folketal 5 096  (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Furqlus
34°36′00″N 37°05′00″E / 34.6°N 37.08333333°E / 34.6; 37.08333333

Furqlus (arabisk الفرقلس, Furglus eller Furklus) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement, aust for byen Homs. Han ligg ved Den syriske ørkenen i aust mellom al-Qaryatayn i sør, Sadad i sørvest, Shinshar i vest, Fatim al-Amuq og al-Sayyid i nordvest, al-Mukharram i nord og Palmyra i aust. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Furqlus eit folketal på 5 096 i 2004.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie og namn[endre | endre wikiteksten]

I bysantinsk tid i Syria, vart Furqlus kalla «Betproklis» eller «Betroklos,» som var greske translitterasjonar av det originale semittiske namnet «Beth Forklos».[2] Det latinske namnet var «Proclus».[3] Arabiseringa av den siste delen av det greske namnet var «Furqlus».[4]

Eit bysantinsk dokument seint frå 400-talet, Notitia Dignitatum, oppførte Betroklos som ein av to stader i Syria der regulære arabiske hæreiningar var stasjonært i ein provins i Fønikia. Sjølv om dei ikkje var oppført som foederati, må dei ha utmerkt seg sidan dei var oppført i Notitia Dignitatum.[5]

På 400-talet evt. var byen kontrollert av anten salihidane eller tanukhidane.[6] På 500-talet fekk ghassanidane makta i regionen som vasallar under Austromarriket.[7]

På 1200-talet vitja den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi Furqlus i 1226, under Ajjubide-dynastiet. Han skreiv at det var «ei kjelde nær Salamiyah i Syria. Namnet er utanlands, ikkje arabisk».[8]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

I 1838 vart Furqlus klassifisert som ein forlaten landsby av den engelske forskaren Eli Smith.[9] Seint på 1800-talet vart Furqlus, som då var busett att, råka av eit stort beduin-raid,[10] noko som var vanleg i byen som var kringsett av beduinleirar.[11] I følgje turisten John Kelman tok beduinane alle avlingane i byen og «tømde husa ... alle ting av messing som dei kunne ta med seg.» Innbyggjarane vart derfor fattige og trøytte av dei mange raida. Dei reiste igjen i frå Furqlus fram til den osmanske regjeringa i Istanbul oppretta ein større kavalerigarnison der for den osmanske hæren. Innbyggjarane i byen måtte betale ekstra skattar for det statlege vernet, noko som reduserte raida til beduinane, sjølv om dei stadig heldt fram å prøve seg.[10]

Hustypane i Furqlus vart i denne tida kalla «bikubar.» I staden for vanlege hus med falte tak, slik ein fann over det emste av Osmansk Syria, vart bikubehusa toppa med kvite, høge kuplar som enda i ein spiss som var meint å verne innbyggjarane mot regnskadar.[12] Furqlus vart styrt av ei rekkje arabiske sjeikar som leia kvar sin eigen klan.[13]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Dei syriske styresmaktene byrja i lag med styresmaktene i Iran, Venezuela og al-Bukhari-gruppa i Malaysia å byggje eit oljeraffineri i al-Furqlus i 2009. Den estimerte kostnaden til prosjektet var tre milliardar dollar og verket skulle ha ein kapasitet på å raffinere 140 000 tønner kvar dag.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2012-04-15 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Fowden, s. 61.
  3. Kelman, 1908, s. 243.
  4. Versteegh, 2008, s. 513
  5. Shahid, 1989, s. 221.
  6. Shahid, 1984, s. 486.
  7. Shahid, 1995, s. 199
  8. le Strange, 1890, s. 441.
  9. Smith, 1841, s. 175.
  10. 10,0 10,1 Kelman, 1908, s. 97.
  11. Kelman, 1908, s. 134.
  12. Kelman, 1908, s. 135.
  13. Kelman, 1908, s. 170.
  14. Geological Survey, 2011, s. 55-3.